Meny

Overgrepa mot menneskerettane i Iran må påtalast!

Last ned
Etter at sanksjonane mot Iran vart oppheva, så har verdssamfunnet vist stor vilje til å betra relasjonane til landet med m.a. forretningsavtalar. Men det er sagt lite om overgrepa mot religiøse minoritetar som stadig finn stad der.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det er vår samarbeidspartnar Middle East Concern (MEC)som skriv dette. Dei er ein av nitten organisasjonar som no slår alarm og foreslår ein respons frå det internasjonale samfunnet. Det vert m.a. vist til EU sin analyse som kom sist sommar om strategien for samarbeid med Iran etter atomavtalen. I den er det sagt forsvinnande lite om menneskerettane.

MEC rapporterer om at berre i perioden mai til august i år vart 79 kristne arresterte: Nokre vart haldne i eit par dagar, andre i månader, og enno er fleire av dei fengsla utan enno å ha blitt anklaga. Truleg er talet mykje høgare, for det er mange ein ikkje får høyra om.

Kristne frå muslimsk bakgrunn er nekta tilgang til offentlege kyrkjer. Dei er tvungne til å samlast i uformelle grupper i heimane, noko som også er ulovleg. Ofte vert slike samlingar raida; berre i august opplevde fire huskyrkjer det. Anklagen dei vert møtte med er at dei uroar den offentlege ro og orden ved å etablera slike huskyrkjer.

Kristne leiarar opplever press frå myndighetene om at dei bør forlata landet. Nokre får høyra i forhøyr at dei risikerer fem til ti års fengsel viss dei ikkje emigrerer. Andre blir dagleg innkalt til forhøyr eller dei får viktige papir beslaglagt, som pass og ID-dokument. Kanskje dei også blir tvungne ut av jobben sin.

Dette mønsteret for korleis kristne blir behandla er imot det som står i konstitusjonen. Der les ein m.a. i artikkel 23 at det er forbode for myndighetene å sjekka ein person si tru og ta affære berre på bakgrunn av religion. Til og med retten til skifte av religion er beskytta i artikkel 18.

Forslaget frå dei 19 organisasjonane er følgjande tre punkt, her gjengitt på engelsk:

1) Governments should factor human rights, including the rights of religious minorities, into all bilateral dealings with the Islamic Republic. Governmental agencies should explore avenues beyond dialogue alone to ensure human rights violators are held accountable and that trade and diplomatic relations do not contribute to further abuses.

(2) The Secretary General and newly appointed Special Rapporteurs on freedom of religion and human rights in Iran should monitor and report extensively on violations of freedom of religion of people in Iran, in accordance with their mandates before the United Nations.

(3) The Islamic Republic of Iran must ensure that the values enshrined in the Iranian Constitution, the Universal Declaration of Human Rights and the International Covenant on Civil and Political Rights are upheld and that the right to freedom of religion and belief, including the right of conversion and of non-belief, be respected for all its citizens and residents of the country.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp