Meny

Norges ambassadør på besøk i Lahore

Foto: Church of Pakistan Last ned
Den norske ambassadøren i Pakistan, Tore Nedrebø, besøkte onsdag Church of Pakistan sitt hovudkontor i Lahore. Biskop Samy Azariah var vert for besøket som var ein gjenvisitt etter at han sjølv besøkte den norske ambassaden i Islamabad saman med biskop Helga Byfuglien og generalsekretær Berit Hagen Agøy for nokre veker sidan.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Under besøket i Lahore møtte ambassadøren både parlamentarikarar, prestar og andre tilsette i kyrkja og leiar for fleire kyrkjelege institusjonar i Raiwind bispedøme. Mange tema vart diskutert, ikkje minst interreligiøs dialog og problema som marginaliserte grupper, mellom anna dei kristne, møter i Pakistan. Ambassadøren understreka sterkt kor viktig det er å arbeida for fredeleg sameksistend og betra levekår for alle.

(Raiwind bispedøme)

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp