NMS i Møre aukar med ein million
Grunnen til det er at det kom inn langt mindre i testamentariske gåver enn det det var budsjettert med i 2018. Her har no landsstyret teke grep.
Det er viktig å få fram at gåveinntektene i Misjonsselskapet har auka med ca ein halv million. Dette er julemesser, basarer, faste gjevarar, giroinnbetalingar, foreinigsinntekter og kyrkjeofringar m.m. I Møre kom det inn 5.680.000 i 2017. I 2018 var dette auka til 6.174.000.
Men skal vi få fram heile biletet må vi og ta med overskotet innan NMS Gjenbruk. Dei 7 butikkkane i region Møre hadde eit samla overskot på 3.122.000. Dette er også ein framgang på ein halv million. Dette hyggelege resultatet blir presentert med litt meir detaljer på våre områdestemne utover våren:
Romsdal 24. mars
Nordre Austre Sunnmøre 31. mars
Søre Sunnmøre og Indre Nordmøre 7. april og
Ytre Nordmøre 27. april
Det er grunn til å rette ei stor takk til dei trufaste medarbeidarane våre rundt omkring i heile fylket.