Meny

Misjonsrørsla og økumenikk. Medarbeidarskap eller motsetning?

Foto: iStock Last ned
Korleis skal det som Jesus har kome med leve vidare, og forme menneske og verda vidare? Korleis skal det avgjerande ved Jesu kome til jord – nemleg at han er sendt av Gud, og at Gud har elska menneska – bli formidla vidare?
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dette er en artikkelserie i anledning NMS sitt 175-årsjubileum. Vil du lese flere artikler? Gå inn her.

Det som står i disse artiklene representerer ikke nødvendigvis NMS sin mening. Vi har invitert skribenter fra mange ulike sammenhenger til å dele sine synspunkt og refleksjoner med oss.

Av: Olav Fykse Tveit, generalsekretær Kirkenes Verdensråd, Genève

Svaret på overskrifta er at det har nok vore litt av begge deler. Det kan ein sjå ved å lese norsk misjonshistorie og kyrkjehistorie, og det er vel til dels slik også i dag. Grunnane til det kan vere ulike. Det har vore sterke lutherske konfesjonalistiske stemmer i leiinga av misjonsorganisasjonar i Noreg. Nokre har sett på økumenisk samarbeid som ei svekking av profilen og driven i misjonsoppdraget. Det har gjort at ein har akseptert visse typar økumeniske relasjonar (så som evangelikale partnarar), men avvist andre (katolske, ortodokse, andre kyrkjer som ikkje har slik evangelikal profil). På den andre sida er det mange misjonærar som har lært meir om økumenisk samarbeid i sitt arbeid utanfor Noregs grenser enn ein vanlegvis har gjort som prest i Noreg, og som difor har vore entusiastiske i å få det til i Noreg også. Mellom dei som innførte og har undervist økumenikk som tema i teologisk utdanning, finn ein fleire misjonærar.  Og mellom dei som har arbeidd for å gi kyrkjeleg samarbeid større plass i kyrkja, finn ein mange som har vakse opp med misjonen eller sjølv gjort teneste i misjonsrørsla. Her nemner eg ikkje namn, men det er ikkje vanskeleg å finne mange kjende namn ein kan knytte til desse karakteristikkane, både mellom dei som er døde og dei som lever i dag.

Felles røter

Dersom ein ser litt meir internasjonalt på saka, og ser litt på andre konfesjonar enn den lutherske, er det ikkje vanskeleg å sjå at misjonsrørsla og den økumeniske rørsla har vore svært tett samanbundne. Her er det heller ikkje vanskeleg å finne gode døme. Det mest typiske og talande er vel alt ein kan seie om at den moderne  økumeniske rørsla langt på veg sprang ut av misjonsrørsla. Om Edinburg-møtet i 1910 var eit møte i misjonsrørsla eller i den økumeniske rørsla, er ikkje så godt å seie. Det internasjonale rådet for misjon og evangelisering vart ein del av Kirkenes Verdensråd. Då vart ikkje norsk misjonsråd med vidare. Men det har ikkje hindra at det har vore og er sterke norske misjonsleiarar med i The Commision for World Mission and Evangelism (CWME). I til dømes dei reformerte, metodistiske og anglikankse kyrkjefamiliar har det vore sterke band mellom det «kyrkjelege» og misjonen i interessa for økumenikk, og slik er det framleis. Så historisk og internasjonalt sett er det ikkje tvil: Det er både samarbeid og felles strukturar, felles møter, felles målsetjingar for misjon og økumenikk. Ja, det er langt på veg dei same personane som har drive fram begge deler.

Historisk skepsis

Ein skal ikkje underslå at til dømes Lausanne-rørsla for evangelisering har hatt eit kritisk blikk på t.d. Kirkenes Verdensråd. Men det er ikkje riktig slik lenger. Ein deltek i kvarandre sine møter, og evangelisering står på dagsordenen i alle kyrkjer, om enn med litt ulik profil og metodikk. Som generalsekretær i Kirkenes Verdensråd i dag kjenner eg sterkt på at eg er komen til denne oppgåva fordi eg har vore ein del av begge rørsler, og eg ser korleis dei heng sterkt saman i mi eiga biografiske og åndelege historie.

Likevel skjønar eg jo kvifor spørsmålet er stilt slik det er i overskrifta på artikkelen. Det er i norsk samanheng, meir enn mange andre stader, ein historisk skepsis frå misjonsleiarar overfor dei nye tiltaka for synleg kyrkjeleg einskap og arbeid for fred og rettferd i verda. Det var ikkje alltid syn for at det var viktig å dele ord og sakrament med andre kyrkjer, å gjensidig anerkjenne embeta i kyrkja, eller å gå nye vegar saman, i forhold til å få felles utrykk for trua og vitnemålet mot urett i verda. Misjonærar kunne trekkje seg tilbake frå moralske stridsspørsmål for å ikkje øydelegge for misjonsarbeidet. Apartheid-historia i Sør-Afrika er eit godt døme på det. Den økumeniske rørsla måtte ta heten og byrdene ved å drive fram at trua på Gud ikkje kunne gi rom for rasisme. På den andre sida kunne misjonsfolk vise sin skepsis til å samarbeide med andre kyrkjesamfunn som ikkje hadde heilt same lære og profil. Nokon ville meine at det kunne vatne ut evangeliet og svekke misjonsarbeidet. Det finst vel eksempel på at det kunne vere relevante spørsmål. Og ein kunne vel ei stund tenke ut frå eit norsk og luthersk synspunkt på kva ein meinte er den absolutte sanning om alt. Men i lengda gjekk det jo ikkje.

Utvida perspektiv

Når ein har fått Mellomkyrkjeleg råd på banen i samarbeidet om misjon og menighet i Noreg, har det hjelpt ein god del for å kome vidare i forhold til slike problemstillingar. Ein skil ikkje så mykje lenger mellom  det å forkynne Kristus saman, det å skape nye uttrykk for at ein er eitt, det å vitne mot fattigdom og krig, det å skape dialog mellom menneske av ulik tru osb. Det er meir naturleg og meir påkrevd enn før å vise kva som er kjernen i den kristne tru og kyrkjene sitt liv, nemleg forholdet til den treeinige Gud slik Kristus har gjort det mogeleg. Eg er ut frå erfaring meir optimistisk om at Paulus har rett i at det som gjeld er at Kristus vert forkynt. Uansett, om det er ved den eine eller den andre, og på den eine eller andre måten.

For min del er det ei glede og ære og vite at fleire i min familie har tatt på seg misjonskall, enten ved å reise ut eller støtte misjonsarbeidet med det ein har hatt av ressursar. Misjonærar var ofte på besøk heime hjå oss. Dei opna min horisont og mi tru. Den fyrste var mors onkel, Sjur Fykse, som eg til og med spurte om ikkje kunne vere bestefaren min! Han var barnlaus, og eg hadde ingen besteforeldre. Han var bror til mi mormor. Han svarte ja. Men han døydde veka etterpå, medan han talte til ei forsamling unge menneske. Sidan eg var seks år har eg hatt eit forhold til han og det han sto for som har drive meg til å tenkje utover i verda, til å vere glad og fortruleg i dei relasjonane ein står i, og til å dele evangeliet med andre så godt ein kan. Når eg sidan var med generalsekretæren og misjonssekretæren i NMS og bad ved Schrøders grav i Sør-Afrika, såg eg kvar eg kom frå og kvar eg går. Rørslene eg tilhøyrer er sterke og livskraftige. Enno sterkare og meir livskraftige er dei om dei påverkar kvarandre. Så dei alle kan vere eitt, så verda kan tru at det er håp, her og no og etter det.

Medarbeidarskap

I denne artikkelen vil eg ikkje gå djupare inn i den historiske analysen, men heller seie litt om kvifor det bør vere eit sterkt «medarbeidarskap» mellom misjonsrørsla og den økumeniske rørsla. Det vil eg gjere ut frå ein teologisk refleksjon, med utgangspunkt i det kjende kapittel 17 i Johannesevangeliet. Dessutan vil eg seie litt om kvifor kyrkjelege strategiar må ha begge dimensjonar med, ikkje minst med tanke på dagens og framtidas utfordringar.

Ofte vert Joh 17,21 sitert for å gi ei pregnant grunngjeving for meir effektivt misjonsarbeid (om ein er einige og samarbeider), eller for å vise at økumenikken ikkje heldt på med noko for sin eigen del (fordi ein siktar mot det «verda» treng). Det er ganske interessant å leggje merke til at ein ofte ikkje siterer heile verset, berre ei kortform, om lag som dette «At dei alle må vere eitt, så verda skal tru». Det er også ganske interessant at samanhengen i heile kapitlet ofte ikkje vert drøfta når ein viser til denne teksten.

Stundom får ein inntrykk av at mange tenkjer at det står «at dei alle må vere eitt, så verda må tru at dei kristne ikkje er ueinige om noko vesentleg», eller «at dei alle må vere eitt, så vi kan arbeide mykje meir effektivt i evangelisering og misjon», eller at «at dei alle må vere eitt, så vi kan ha ein sterk påverknad på viktige samfunnsspørsmål».  Ein skal ikkje lage karikaturar, men det er viktig å tenkje over dei ulike dimensjonane ved teksten i Joh 17. Ikkje berre for misjonsarbeid eller økumenikk, men også for å vere kyrkje.

Dette er ein tekst som kjem i den mest dramatiske delen av Johannesevangeliet, mellom samvær og at dei vert skilde frå kvarandre. Det er dei siste orda av Jesus, og avskilstalar frå store leiarar har alltid stor betyding. Det er høgdepunktet i ei forteljing om ein leiar. Korleis skal det som Jesus har kome med leve vidare, og forme menneske og verda vidare? Korleis skal det avgjerande ved Jesu kome til jord, nemleg at han er sendt av Gud, og at Gud har elska dei (menneska og verda, jfr Joh 3,16) bli formidla vidare?

Relasjonar som varer

Svaret er: Det kan bli formidla vidare om relasjonane vert riktige og lever vidare. Talen er forma som bøn til Gud som «Far». Det store temaet er relasjonane. Det gjeld relasjonane mellom Jesus og «Far», relasjonane mellom disiplane og alle som kjem til tru på Jesus ved deira ord (kyrkja), deira relasjonar til kvarandre, og deira relasjonar til «verda».

Å vere kyrkje er å vere Jesu etterfølgjarar. Å vere kyrkje er å formidle dei relasjonane vi har fått til Gud – ved han –   gjennom dei relasjonar vi byggjer til andre. Det skjer gjennom truverdige ord (17,20), og framfor alt gjennom kjærleik (17,26). Dette kan berre skje om relasjonen mellom Gud som «Far» også vert relasjonen Jesu etterfølgjarar har til Gud, og til kvarandre. Slik må vi lese heile vers 17,21: «Eg bed at dei må alle må vere eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei og vere i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.»

Med andre ord: Ut frå Johannesevangeliet er det ikkje mogeleg å skilje kallet til å vere kristen, kallet til å vere kyrkje, kallet til å dele Guds ord og kjærleik med alle, og kallet til å vere eitt som Jesu etterfølgjarar.

Dette kapitlet seier mykje om det som gjerne vert kalla motivasjonen for å drive misjon, og økumenikkens agenda også, ut frå ei problemstilling som ofte ligg under debatten om forholdet mellom økumenikk og misjon. Det går også heilt til kjernen på kva det er å vere kristen og kyrkje.

Er det slik at misjonen fyrst og fremst vart driven fram av omtanke for frelsa frå fortapinga etter døden, medan økumenikken fokuserte på å forbetre relasjonane mellom kristne her i tida, eventuelt også med blikk for å skape rettferd og fred i denne verda? Denne diskusjonen dukkar opp i misjonshistoria òg i dag i ulike former.

Orda i Johannes 17 er forma i spenninga mellom det som var (som Jesus har sagt og gjort), det som er der og då i den spente avskjedsstunda før kross og liding, og med tanke på det som ein håpar skal kome. Det siste er omtalt i Jesu bøn for sine, kva han ønskjer dei skal vere og verte. Han ber om at dei skal verte bevarte og helga i sanninga. Han ber at dei må verte vara frå det vonde. Han ber at dei skal vere «hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom» (17,24).

Med andre ord er den rette relasjonen noko som har vore, som skal vare, og som endåtil skal vare inn i det som kjem etter døden. Men kvaliteten og karakteren av relasjonen er av same art: At dei skal vere eitt med Jesus og Far, og med kvarandre. Det evige livet er at vi kjenner Gud, heiter det ein annan stad i Jesu talar i Johannesevangeliet. Det er altså slik at det «evige» ikkje er bestemt av eit tidsperspektiv, men av kven ein er i relasjon til, og kvaliteten på denne relasjonen. Jesu bøn er at relasjonane skal ha ein slik kvalitet, for då er det evige til stades her og no, slik det også vil vere i framtida og utover tida.

Ein skal ikkje harselere over misjon som vert driven fordi ein har omtanke for mennesket sitt evige liv. Det er jo nettopp det Jesus kom for å gjere noko med, som ein del av den Guds misjon (sending) til verda som Jesus representerer. Det er denne Guds misjon til verda vi skal vere ein del av, så verda skal tru at Jesus er Guds bilete på jord. Men denne sendinga skjer nettopp i å vere. Å vere i Gud. Å vere i Guds kjærleik. Å vere i ein relasjon til Gud og kvarandre som er prega av det vi har fått i Kristus. Difor har det eit perspektiv av det evige i det som er her og no, og i det som skal kome, her i tida og ut over det. Det vi kan verte frelste frå er livet i mørket, i det gudfiendtlege, i synda, i det egoistiske, i splittinga, i det feige, i løgn og bedrag, i maktmisbruk, i dødens krefter. Dette treng vi frelse frå no og alltid.

Vårt oppdrag

Difor må vi arbeide saman i misjon og økumenisk arbeid for rettferd og fred i verda, slik at Gudsrikets evige verdiar og krefter gjer seg gjeldande her og no og overalt. Misjonen er oppdraget kyrkja har fått til å bry seg om heile mennesket og heile menneskeætta. Difor er uttrykket «The mission of the Church» betre på engelsk enn på norsk, det omfattar alltid heile kyrkja sitt oppdrag.  For slik må det vere for Jesu etterfølgjarar, som vert verande i han og i Guds kjærleik.

På denne bakgrunnen er det også meiningslaust å skilje misjon og økumenikk. Eller for å seie det på ein annan måte: Dei to rørslene har løfta fram to viktige dimensjonar av det å vere Jesu etterfølgjar. Det handlar ikkje om spesielle interesser for spesielt interesserte. Det handlar om kva livet er, og kva det kan vere i fellesskap med Jesus og med Guds kjærleik som det avgjerande for alt.

Difor er det så viktig at begge dimensjonane pregar all kyrkjeleg strategi. Det er dei relasjonane som vert skapte av kjærleik, sanning, truskap, sjenerøsitet, ekte og oppriktige ord, og ikkje minst nåde, som er kyrkja sitt vesen og oppdrag. Slik var det frå starten av, slik skal det vere. Det er jo nettopp desse evige verdiane, desse evige orda, og desse evige relasjonane som det heile handlar om i det ufullkomne og uferdige som vi kallar «det kristne fellesskapet». Men det er jo nettopp dette som gjer det så uendeleg spanande og meiningsfullt å vere kyrkje, saman, for andre. Så verda skal tru at Gud elskar dei. Ikkje noko mindre.

Del håpet

Dette er ei felles oppgåve som har utkrystallisert seg i  både misjonsrørsla og den økumeniske rørsla: Å gi håp til menneske ut frå vår kristne tru. Det skjer gjennom ord, handling og haldning til kvarandre. Det er ei oppgåve som kan bli utforma i diskusjon og endå til i visse motsetningar, stundom vanskelege, stundom konstruktive relasjonar. Men oppgåva står fast, og må fyllast med fleire grep. Det gjeld oppgåva til kyrkja, samla sett, å dele evangeliet  med dei som ikkje har del i det eller ikkje får tak i det. Kanskje skuldast det at Jesu etterfølgjarar har drive med så mykje og mangt som dei ikkje forstår kan henge saman med bodskapen om Guds nåde og kjærleik.

Nettopp difor er det viktig i desse dagar å vise at det er ein vesentleg samanheng mellom reformasjon, misjon og det å vere eitt. Reformasjonen hjelper oss i beste fall til å ta Gud, andre og oss sjølve på alvor. Omvendinga kan ikkje vere «på liksom», kjøpt eller tilgjort med institusjonelle grep. Den er ikkje gjort ein gong for alltid, men skal vere heile livet, som det heiter i Luther si fyrste tese frå 1517. For nåden er berre mogeleg å ta i mot som nåde. Det kan vi gjere om «den kjærleiken du har hatt til meg, kan vere i dei og eg sjølv kan vere i dei», slik Jesus seier i Joh 17,26.

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp