Meny

Misjonsauksjon i Ålvundfjord

Last ned
Misjonsauksjon er eit arrangement som starta i Ålvundfjord så tidleg som i 1867. Fleire bygder har hatt slike arrangement knytta til kyndelsmess (2.febr). Så vidt eg veit er det ingen andre som held tradisjonen i live som auksjon, men bl.a. i Rindal er tradisjonen levande i form av basar. 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Hos oss er dette både basar, matsalg og auksjon. I år var auksjonen i Fossheim samfunnshus fredag 1. februar.  Denne kvelden fekk vi besøk av tidlegare områdeleiar i NMS, Karen Flatø. I tillegg hadde vi song av Ålvundeid barnekor.

Vi har to personar som pleier å bytte på med auksjonsjobben. I år var det Nils T. Ulvund som var auksjonarius.  Auksjonen pleier å vere prega av mykje humor. Av og til går det svært fort, og det hender ikkje så sjeldan at nokon byr over seg sjølv. Når to ektefeller konkurrerer om høgaste bud, kjem også latteren fort fram.

Synnøve Ulvund tv.har eit langt liv bak seg med strikking for auksjonen. Her er det to yngre damer som får teknikken forklart, Hildegunn Holten i midta og Liv Anne Innerdal til

Det er mykje handarbeidde varer frå strikking og sying. Synnøve Ulvund har eit langt liv bak seg med strikking for auksjonen. Ho har spesialisert seg på tveband-strikking og det gjev vottar og sokkar ein ekstra kvalitet som salen veit å verdsette med bra prisar. Mest populært er nok likevel maten. Tradisjonell mat som flatbrød, potetkake, lefse, grovbrød, dravle og typisk normørsk ost som smørgraut med bakkels.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp