Meny

Misjonærane – dei første utanrikskorrespondentane

Last ned
Norge som nasjon har tatt opp i seg mykje av drivkreftene som ein gong førte norske misjonærar ut til fjerne land. Vårt idealistiske sjølvbilde som bistandsnasjon og fredsnasjon – ja, som humanitær stormakt – kan ikkje aleine, meni stor grad førast tilbake til misjonen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dette er en artikkelserie i anledning NMS sitt 175-årsjubileum. Vil du lese flere artikler? Gå inn her.

Det som står i disse artiklene representerer ikke nødvendigvis NMS sin mening. Vi har invitert skribenter fra mange ulike sammenhenger til å dele sine synspunkt og refleksjoner med oss.

Norske misjonærar var på eitt vis utanrikskorrespondentar for mange nordmenn like frå dei først kom til Sør-Afrika i 1846 til eit godt stykke ut på 1900-talet. Stoffet dei sende heim representerte eit suplement til utanriksstoffet i dagspressa. Teikninga som den kjende avisteiknaren, Henry Imsland, gjorde i 1960, syner frå venstre: H. F. Verwoerd, som var statsminister i Sør-Afrika fra 1958-66, Fridtjov Birkeli, som i 1960 var misjonær for NMS, Lauritz Watne, som var landsstyreformann i NMS og Konrad Nordahl, som var formann i LO. På oppfordring fra LO var det sett i gong ein vareboikott av Sør-Afrika.
Kjelde: VID historiske arkiv, Misjonsarkivet, VID-MA-A-1045-Uc

Av Tom Hetland, politisk kommentator, Stavanger Aftenblad

I april 2015 hadde eg gleda av å vera til stades på premieren på «Film fra Hedningeland» av Hallgeir Skretting. Det var ein film om film –  nærmare bestemt misjonsfilmane som gjekk sin sigersgang over landet i dei første tiåra etter krigen. Toppåret 1957 var det heile 150.000 menneske som såg misjonsfilmane til Det Norske Misjonsselskap.

Suksessen til desse filmane hang nok delvis saman med at dei tilbaud ein anstendig introduksjon til det moderne, men farlege og ofte forbodne mediet. Både dansesal og kinosal var syndige stader for mange kristne, men oppbyggelege levande bilde frå misjonsarbeidet var noko anna og tryggare.

Likevel må me også tru at filmane, til liks med breva frå misjonsmarka i bladet eller forteljingane til heimvende misjonærar på bedehusturné, også dekte eit anna behov: ønsket om å få vita meir om den fjerne og eksotiske verda der ute, og om møtet mellom dei norske misjonærane og dei framande folkeslaga.

Utlandet i norsk presse

Nå må ikkje tittelen tolkast dit hen at misjonærane var dei som introduserte utanriksjournalistikken i norsk presse. Det er eit tankevekkande paradoks at medan verda har kome oss stadig nærmare, så har utlandsdelen av stoffet i norske medium gått gradvis nedover.

I «Norsk presses historie 1660-2010» er det gjort ein analyse av innhaldet i tre norske aviser: Morgenbladet, Norske Intelligenssedler og Lillesands-posten. Den viser at det utanlandsrelaterte stoffet utgjorde heile 52,9 prosent i dei tre avisene i 1880, for så å gå ned til 32,1 prosent i 1930. Lokalavisa Lillesands-posten hadde litt mindre utlandsstoff enn dei to hovudstadsblada, men forskjellen er ikkje dramatisk.

Eit anna publikum

Men sjølv i lys av desse overraskande høge tala, trur eg det er dekning for å hevda at «misjonskorrespondentane» gjorde ein forskjell, eller i det minste representerte eit supplement til utanriksstoffet i dagspressa.

For det første var ein stor del av det ordinære utanriksstoffet i dagspressa innkjøpt frå internasjonale byrå – profesjonelt nok etter den tids mål, men ikkje skrive med norske lesarar spesielt for auge. Misjonærane, derimot, var del av ei rørsle. Dei skreiv tilbake til misjonsvenene der heime som hadde sendt dei ut, som betalte for dei og som venta rapport om resultat. Med andre ord var det ein åndeleg nærleik mellom avsendar og mottakar som gav orda større tyngd.

For det andre retta avisene seg, i alle fall på 1800-talet, ennå i stor grad mot «den opplyste eliten». Dei store Kristiania-avisene opererte på 1870-talet med eit «postsendt» opplag på mellom 500 og 2000. Dei nådde altså svært få utanom hovudstaden. Sjølv om det etter kvart voks fram ein rik flora av lokal- og regionaviser, var det eit stort rom for misjonsblad som ikkje minst vart lesne av menneske i distrikts-Norge med låg inntekt og låg utdanning – altså det motsette av den typiske avislesaren for 100-150 år sidan. Då indremisjonsbladet For Fattig og Rik var på høgda rett etter krigen, hadde det eit opplag på 60.000, like mange som regjeringsorganet Arbeiderbladet.

For det tredje fekk «misjonskorrespondentane» etter kvart eit stort rom også i dagspressa, spesielt i dei delane av landet der misjonen stod sterkt. Eit søk i arkivet til Stavanger Aftenblad viser at ordet «misjonsmarken» dukkar opp i over 4300 artiklar. Ofte er det tale om brev frå ein misjonær der det også blir rapportert meir allment om situasjonen i landet, sjølv om misjonsarbeidet rimelegvis er hovudvinklinga. Gjennom rapportane frå misjonsmarka vart den samla norske utlandsdekninga også komplettert med informasjon om land og regionar som elles ikkje stod høgt på den norske utanrikspolitiske dagsordenen: Kina, Madagaskar, Zululand, Santalistan, Kamerun.

Misjon og imperialisme

Til grunn for misjonsrapporteringa låg eit verdisyn der det handla om å gi heidningane del i «vår» kristne religion. På kjøpet førte misjonen med seg utdanning, moderne helsestell, betre vegar og økonomisk utvikling. Denne doble opplysningsinnsatsen vart ikkje sjeldan framstilt på måtar som me i dag synest er pinlege.

På den andre sida var ikkje dette tankegodset spesielt for misjonen eller for kristenfolket. Siste del av 1800-talet og fram til første verdskrigen er kulminasjonen på den imperialistiske epoken i Vesten, der store delar av verda, spesielt i Afrika og Asia, er under vestleg koloniherredømme. Det er også sosialdarwinismens tid, med tru på den sterkastes rett, og at enkelte folkeslag og «rasar» er meir høgtståande enn andre. Intellektuelle og diktarar rettferdiggjorde slike tankar med omgrep som «mission civilisatrice» og «The White Man’s Burden», der Vestens oppgåve var å «sivilisera» dei «ville» – med dei middel som trongst.

I eit slikt tankeunivers stod misjonærane – trass i overtydinga om at eigne verdiar var overlegne – ofte fram med større respekt for menneska dei var komne for å omvenda. Pionerar som Lars Dahle og Lars Skrefsrud hadde som grunnhaldning at kristendommen i misjonslanda måtte få eit uttrykk som var i pakt med lokal tradisjon. Medan koloniherrane tvang gjennom sitt eige språk og sin eigen kultur og skapte lokale elitar i sitt bilete, gjorde misjonærane mange stader ein imponerande innsats for å ta vare på og skapa respekt for lokale språk og kulturformer. Ikkje sjeldan førte det til at dei misjonsskapte kyrkjene vart ei moralsk kraft i kampen mot koloniveldet, eller som i Sør-Afrika, mot apartheidsystemet.

I rapportane frå misjonsmarka ser me også aukande innslag av dette perspektivet. I ein tale på den store misjonsutstillinga i Stavanger i 1950, som ifølgje Aftenbladet vart besøkt av 31.396 menneske på 12 dagar, vart generalsekretær Einar Amdahl i NMS sitert på at «de fargede folkeslag går inn i en veldig krise. Det er snudd opp ned på deres syn på forholdet til den kvite mann. De ser at de er skapt som ham. Det går en mektig frihetsstrøm gjennom de fargede i dag. Men utviklingen fram til de kvites nivå er lang og de står i fare for å komme ut i kaos.» Paternalismen er altså framleis til stades, men det same er forståinga for at ei rasistisk basert verdsordning ikkje lenger lar seg forsvara.

Staten engasjerer seg

Eit par år seinare gjekk startskotet for det første norske u-hjelpstiltaket i statleg regi, Keralaprosjektet i India. Haakon Lie, den mektige partisekretæren i Arbeidarpartiet, var ein aktiv pådrivar – både av idealistiske og taktiske grunnar. Lie såg at det trongst eit radikalt, positivt prosjekt i ei tid med mykje murring i eigne rekker over Nato-medlemskap og militær gjenopprusting. At hjelp til fattige land kunne fylla ein slik funksjon, seier mykje om den allmenne godviljen for internasjonal hjelpeinnsats som misjonen hadde vore med på å skapa, langt ut på den politiske venstresida.

Men sjølv om norsk statleg bistandspolitikk fekk sin oppstart i verdsleg, radikal innpakning, var utgangspunktet også her at «tilbakeståande» land skulle moderniserast ved hjelp av vestleg teknologi, samfunnsorganisasjon og ideologisk tankegods. Det gjekk ikkje så bra i Kerala, og det har ikkje alltid gjort det seinare heller. Å forstå andre samfunn kan vera krevjande, og det tek tid. Ikkje minst misjonærar har måtta læra den leksa.

Professor Terje Tvedt, i mange samanhengar ein kritikar både av misjon og statleg bistand, meiner at det er eit problem for den offentlege debatten at norsk bistand blir framstilt som «verdinøytral». Slik sett har kanskje misjonen vore ærlegare. Ei anna sak er at me dei siste tiåra har sett ei utvikling i retning av samanfall mellom misjonen og det statlege og frivillige bistandsapparatet, der store delar av aktiviteten blir finansiert av statskassen, og der verdifundamentet blir tona ned til fordel for praktisk hjelpearbeid og ein generell «godhetsretorikk» som Tvedt sarkastisk kallar det.

Det norske sjølvbildet

Misjonærane sine stemmer er ikkje så ofte å høyra som før. Uttrykk som å la «Jesu Kristi lys skinne over hedningene» lyder ikkje like godt i ei tid der me er blitt meir merksame på farane ved at trua på den eine rette lære får for stor makt over folks sinn. Kyrkjene på dei gamle misjonsmarkene opptrer dessutan ofte med større vitalitet og engasjement enn moderkyrkjene i det stadig meir sekulariserte Norge.

Samtidig har Norge som nasjon tatt opp i seg mykje av drivkreftene som ein gong førte norske misjonærar ut til fjerne land. Vårt idealistiske sjølvbilde som bistandsnasjon og fredsnasjon – ja, som humanitær stormakt – kan ikkje aleine, men i stor grad førast tilbake til misjonen. Det er eit sjølvbilde som kan slå over i det overmodige og hyklerske. Men i verda i dag er det dessverre lett å sjå verre mål å strekka seg etter.

Bildetekst: Norske misjonærar var på eitt vis utanrikskorrespondentar for mange nordmenn like frå dei først kom til Sør-Afrika i 1846 til eit godt stykke ut på 1900-talet. Stoffet dei sende heim representerte eit suplement til utanriksstoffet i dagspressa. Teikninga som den kjende avisteiknaren, Henry Imsland, gjorde i 1960, syner frå venstre: H. F. Verwoerd, som var statsminister i Sør-Afrika fra 1958-66, Fridtjov Birkeli, som i 1960 var misjonær for NMS, Lauritz Watne, som var landsstyreformann i NMS og Konrad Nordahl, som var formann i LO. På oppfordring fra LO var det sett i gong ein vareboikott av Sør-Afrika.

Kjelde: VID historiske arkiv, Misjonsarkivet, VID-MA-A-1045-Uc

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp