Meny

MISJON I HAGEN 

Foto: Marit Mjølsneset Last ned
Kvar vår blir Høgaunet gard gjort om til ei misjonsmark i dobbel forstand. Her blir kristent fellesskap tilgjengeleg for alle, og inntektene går til NMS.  
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det myldrar av menneske på det store gardstunet. Lyden av barneleik blander seg med ivrige vaksensamtalar om planter, hage og livet generelt. Nokon uttrykker uro over om handlelysta har blitt så stor at bagasjerommet ikkje kan romme alle nyskaffa skattar, andre lurer på om agurkplanta vil få det godt på den litt vindige terrassen heime.

EIT GUDEGITT OPPDRAG
I løpet av dei fem timane arrangementet «misjon i hagen» varer, går det med 85 steinovnsbakte pizza, nærmare 20 liter neslesuppe, åkeren har måtte tolt vekta av 120 parkerte bilar, og mellom 350 og 400 personar har vore innom Høgaunet gard i Levanger kommune i Trøndelag. Og 100 000 kroner blir delt i to og sendt til Nådehjemmet mødreheim i Bangkok, og til døveskular på Madagaskar. Men kva er eigentleg «misjon i hagen»? Den beste til å svara på det, er Greta Gravås Aarthun, initiativtakar og eldsjel bak det som blant kjente blir forkorta til «Miha». – Viss ein kollega spør kva misjon i hagen er, svarar eg at det er ei hagemesse og ein familiefestival der all inntekt går til bistandsarbeid som misjonen driv. Då får vi ofte ein fin samtale om kva misjon er i dag. Men når du spør, må eg svara at det er ein idé eller eit oppdrag Gud har gitt meg.

TO ÅRS PLANLEGGING
Me må tilbake til 2014 for å finne opphavet til idéen. Greta hadde tidlegare på våren sådd lobeliafrø, dette brune «pudderet» der frøa er så små at ein nesten ikkje kan sjå dei. Ein dag stod ho i det nybygde drivhuset ute på gardsplassen og beundra ein himmelblå lobelia som formeleg velta ut av potta den vaks i. Tankane gjekk til kor stort Guds skaparverk er og kor sterk skaparvilje han har. – Så opplevde eg at Gud snakka til meg: «Du skal lage ei hagemesse, ein familiefestival, og den skal bli stor». Mannen min, Dag Arild, er ein meget realistisk mann på 50 år. Då eg presenterte denne ganske ambisiøse idéen for han og han var positiv, skjøna eg at dette kunne bli noko stort, seier Greta. Dei brukte to år på å vidareutvikle konseptet og planlegge og førebu arrangementet. Og i 2016 gjekk misjon i hagen av stabelen for fyrste gong. At det gjekk som smurt, meiner Greta er på grunn av to ting: grundig planlegging og mykje bønn.

LEGOFEST OG NINJALØYPE
Også dagen i dag ber preg av lang og god planlegging. Til saman er 60 frivillige involvert. Og ser ein på programmet, skjønar ein kvifor. Legofest, bowlingturnering, riding, natursti, foredrag om vedlikehald av hagemøblar, ninjaløype, forteljarstund, to ulike typar lotteri, åresal, kafé, minikonsert og eritreisk kaffeseremoni er utruleg nok berre nokon av tinga ein kan bruke tid og/eller pengar på i dag. Tanken er at ingen skal rekke å få med seg alt, dermed må du koma tilbake neste år. I tillegg kjem salet av planter som er dyrka fram på så kortreist vis det går an, nemleg i drivhusa midt på gardsplassen. Også diverse nyttig «tilbehør» til hagehobbyen, som hestemøkk og blomsterkrukker, er produsert på garden.

PÅ PAPRIKA-LEIT
Kristin Vang og dottera Viel trålar gjennom dei 50 ulike plantesortane på leit etter ei paprikaplante. På sin veg har dei også funne ei agurkplante som skal få bli med heim. – Eg fekk høyre om misjon i hagen fyrste gong i menigheten eg går i, og no har eg gjort det til vane å kjøpe planter her, fortel Kristin. Ho og Viel er tideleg ute og får fyrstevalet av planter. Endå dekkjer eit lett skylag himmelen. Etter 14 dagar med knapt ein regndrope overraska morgonen med lett duskregn. Allversjakker rår blant hagemessefolket, men blå himmel i horisonten vitnar om at optimistane som ikledde seg kortbukse frå morgonen av, kjem til å ha det mest komfortabelt utover dagen. Rett bortanfor den vesle planteskogen står salgsbodane med andre varer. Her er det hagebenkar, insektshotell, hesteskokast- sett, stylter, tørka urter, te, handlenett, løvetannsirup, granskuddgelé, sjokoladedessert etter ei familieoppskrift og mykje, mykje meir. Alt er laga på Høgaunet, med unntak av handlenetta, som er laga på Nådeheimen. Og når sant skal seiast, størstedelen er det Greta sjølv som står bak. Til og med hovudpremien i dagslotteriet, eit sett med hagemøblar i fjellfuru: eit åttekanta bord med snurrefat på midten og fire stolar til, er det Greta som har lagd med eigne hender. Og ho må innrømme, mellom september og ut mai blir det stort sett kvar dag gjort eit eller anna Miha-relatert. På ferien til New Zealand oppdaga ho ei spesiell pølseklypes uovertrufne eigenskapar, og eit heilt knippe fekk bli med i kofferten heim. Dei skulle nemleg bli åresal-gevinstar. Misjon i hagen er aldri langt vekke frå tankane hennar.

TRE GENERASJONAR
Likevel er misjon i hagen eit familieprosjekt. Det blei i forkant av det fyrste arrangementet oppretta eit Miha-styre. Her sit det tre generasjonar som alle bur på garden, nemleg Greta og Dag Arild, dottera Andrea og mannen Lars Bjarte, og dei to borna deira, Julie (9) og Daniel (11). Alle legg ned tid og krefter i misjon i hagen Greta er oppteken av at viss ein vil at dei neste generasjonane skal engasjere seg for misjon, må ein involvere dei frå dei er små. Dessutan har breidda i styresamensettinga ein annan fordel. Målgruppa til misjon i hagen er nemleg definert slik: «naboen din». – Naboen kan like godt vera 11 som 50 år. Då veit Julie og Daniel betre kva som er morosamt for dei enn det me gjer, forklarar Greta. Dessutan er Miha-gjengen oppteken av at alle menneske har ting og talent som dei kan bruke på positive måtar. Greta er utdanna både gartnar og blomsterdesignar, så for henne var det naturleg å ta utgangspunkt i hage.

BRUKER TALENTA SINE
I fjor pussa dei opp det vesle stabburet på garden og fekk ein kunstnar til å ha utstilling der alle inntektene gjekk til Miha. I år utfordra Greta Margot Klykken til å stille ut sine mange forseggjorte lappeteknikk-produkt og dele av kunnskapen sin om temaet til dei som kom innom stabburet. – Hennar fyrste reaksjon var: «Er det nokon som er interesserte i det pusleriet eg held på med då»? Det er så lett å nedvurdere akkurat dei eigenskapane me sjølve har, men me må hugse at Gud med vilje har skapt oss med ulike interesser og styrkar og at det er bruk for dei alle, meiner Greta. Margot takka ja til utfordringa, og ho inviterte med seg venninna Anne Fiske Skrøvseth til å stille ut saman med seg. Stabburet ber ikkje preg av det dei fyrst var redde for: å ikkje ha nok til å fylle det med. Langs alle veggane heng det fargerike løparar, putetrekk og toalettvesker. – Det var kjempefint å bli spurt om å bli med, sjølv om det kom litt uventa sidan eg aldri har seld eller stilt ut noko av det eg har laga før. Men eg har mykje glede av lappeteknikk, og eg håpar å kunne spreie litt av denne gleda, fortel Margot. Ho synest også at det er meiningsfullt å kunne bidra til misjonen med pengane frå salet denne dagen. Dessutan får ho inkorporert ein av dei andre interessene sine i hobbyen, nemleg gjenbruk. Margot er frivillig på NMS gjenbruk-butikken i Levanger, og mange av lappane ho brukar er bitar av dukar og andre tekstilar dei har fått inn på gjenbruksbutikken som ikkje var brukande på grunn av slitasje eller flekkar.

GUDS NÆRVÆR
Tanken om å utnytte både menneskelege og materielle resursar går igjen. Eit døme er korleis Dag Arild Aarthun er hovslagar, og hesteskor er brukt på fleire kreative måtar i produkta som er for sal. Eller korleis Greta fekk snusen i at eit gartneri skulle kvitte seg med store mengder lavastein som ho har bruka i ei betongblanding for å lage lette og frostsikre blomsterkrukker. Også lokalmiljøet stiller opp. Stadig står det ein pose med tomme syltetøy-glas eller innerpotter i plast på trappa på Høgaunet, som så blir bruka til plante- og matproduksjon. – Det har vore ei velsigning. Det er så fint å vita at folk tenker på oss. Det er litt det same med plantene folk kjøper med seg. I løpet av sommaren får me bilete frå rundt omkring av blomar og grønsaker som blomstrar og gror. Då veit me at misjon i hagen er i tankane til folk også utover den eine dagen på vårparten, seier Greta. Og dette med å skape relasjonar og møtepunkt for menneske er noko av det viktigaste i misjon i hagen-konseptet. Visjonen deira er: «Skape en møteplass der Guds nærvær og kristent fellesskap er tilgjengeleg». – Det skal vera godt for menneske å koma hit på misjon i hagen. Me vil at folk skal kose seg og snakke saman, og er me heldige, kan det vera eit skritt på vegen mot å opne seg for Gud. For kva gjorde eigentleg Jesus her på jorda? Jau, han gjekk rundt og snakka med folk. Og det vil me at folk skal få vera med på her. Difor er det så viktig at me har så mange flotte frivillige med, og at folk frå kyrkjene i området kjem. Me vil at det skal vera ein plass du kan møte kristne, utan at det skal vera påtrengande.

IKKJE-EKSISTERANDE TERSKEL
På programmet står det både kristne songar og andakt, men dei besøkande vel sjølve kva dei blir med på og ikkje. Og blant dei 60 frivillige er det både misjonsvenner og kyrkjeframande. – Korleis har de fått tak i alle desse frivillige? – Det har nok noko med at det er låg terskel. Det er så låg terskel at me ikkje har dørstokk for å koma inn på garden ein gong, småler Greta. Ho fortel om ein konfirmant som nyleg hadde blitt kristen som den fyrste i sin familie. Ho ville gjerne på Miha, men trong nokon til å køyre seg. Mora sa ja, men ho kom ikkje til å bli med inn på arrangementet. Nei, det var greitt for dottera det. Men etter at jenta blei sluppen av, byrja ho å sende «snappar» av alt det som føregjekk på Høgaunet. Til slutt blei mora så nysgjerrig at ho fekk med seg si eiga mor og køyrde tilbake og blei med. Dei enda med å kjøpe blomar og bruka masse pengar som gjekk til misjonen. – Det er ei velsigning frå ende til annan. Her er det rom for alle, og me ser fleire døme på folk som brukar pengar her som aldri ville gitt pengar til misjon. Men blomar ville mange kjøpt uansett, og det fine er at dei må koma tilbake også året etterpå og kjøpe nye, seier Greta med eit lurt smil. – Det er vanskeleg å drive misjon i eige nærmiljø. Me kristne blir målt opp og ned, men på denne måten blir det lett for naboen å stikke innom. Og naboane stakk innom. Men folk kom også tilreisande. Dei frivillige som tok turen frå Fredrikstad og Mo i Rana var nok dei mest imponerande døma.

STOLT OG IMPONERT
Misjon i hagen er over for denne gong. Det er eit par timar sidan avsluttingssamlinga, og mesteparten av bord, benkar, lykkehjul og salsbodar er alt rydda vekk. Dagens frivillige er samla på terrassen for mat og evaluering. Kanskje ein neste år burde flytte bowlingbanen og NMS-standen lenger inn på området? Gigapannekakene var litt vanskelege å snu utan å øydelegge dei, og sikringa tolte ikkje all kaffikokinga. Dessutan førte regelforvirring på hermetikkbokskastinga til heilt tomt 1.-premiebamselager. Dei er visst på sal i desember. Men neslesuppa slo an, det blei ny pizzarekord, og folk såg ut til å kose seg. Menneske ein ikkje trudde ville koma på eit misjonsarrangement har kome, og praten har sete laust. Innsamlingsresultatet blir lagt fram, og med 99 850 kroner lovar fleire å sørge for at talet skal bikke innan kvelden er omme. – Dette hadde aldri gått utan at så mange stilte opp. Fleire av dykk har vore med i mange dagar. Eg er heilt imponert over resultatet, og eg er så stolt av det som har skjedd her i dag, oppsummerer Greta, til Miha-gjengen. No skal dei to handskrivne sidene med notat og evaluering få bli liggande til hausten kjem og Miha 2019 skal planleggast.
————————————–
Artikkelen er publisert i Misjonstidende nr 4-2018. Les hele bladet her: MT 4-2018

Misjonstidende er et gratis-blad. Send «NMS MT» til 2490 for å bli abonnent eller en mail til infosenter@nms.no

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp