Markerte 30 år med mannsgruppe
– Vi jobbar etter NMS sine tre nedfelte verkty; Deler trua på Jesus, bekjemper urettferdigheit og utrydder fattigdom. Vi kan ikkje gjere alt, men vi kan gjere litt, seier Reidar Standal, medlem i mannsgruppa.
Jubileumsmarkeringa på Alnes Bedehus vart godt besøkt, og blant anna fekk dei besøk av NMS-venar frå Spjelkavika. Som seg hør og bør vart kjende og kjære salmar sunge, godt leia av Elin Støbakk på piano , og Ann Kathrin Alnes stilte opp med tre flotte solosongar. Hege Steinsland frå landstyret i NMS var invitert til å halde andakt.
– Det er ikkje kvar dag ein fer invitasjon til å bli med på 30-årsjubileumsfeiring av ei mannsgruppe. Dette gav meg sjansen til å kunne reflektere over ting som har gått bra, og ting som vi kan lære av og gjere betre i framtida, sa Steinsland.
Eit festdekka koldtbord med alle dei mest herlege salatar og andre matretter du kan tenkje deg blei også servert. Reidar Standal var nøye med å presisere at takken for dette måtte gå til deira eminente koner.
– Vi greier ganske mykje, men utan damene hadde vi også vore ganske ubrukelege, sa Standal til latter frå salen.
Olav Godø er eit av medlemma i Godøy mannsgruppe, og han fortalde litt om si oppleving av å vere ein del av denne gruppa.
– Her kan ein dele både sorger og gleder. Det er ei god gruppe å vere med i, og noko som syner dette er blant anna at to av dagens medlemmer har vore med heilt frå starten av. Vi har ein god struktur på samlingane vi har kvar 14 dag, og har mange gode samtaler og diskusjonar, sa Godø.

30 år: Her er dagens medlemmer i Godøy mannsgruppe NMS. F.v: Reidar Standal, Bjørn Mannsverk, Ståle Godø, Ove Alnes, Olav Støbakk, Olav Godø og Leif Sæther
Tekst & foto: Øivind Snorre Magelssen Godø