Meny

Landsstyret og generalsekretæren møter misjonsfolket i Møre

Foto: Asbjørg O. Sve Last ned
NMS sitt landsstyremøte vart denne gongen lagt til Ålesund, der dei var samla siste helga i august. Det var også møte saman med regionstyret i Møre. Generalsekretær Jeffrey Huseby starta samtidig sin landsomfattande turnè med foredraget «Fremtidens NMS er nå».
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Landstyret kom til Jugendbyen Ålesund denne vakre fredagsmorgonen, og etter velkomst av regionstyreleiar Asbjørg Oksavik Sve starta dei fredagens møte på Scandic hotell.

Av ukjende årsaker vart det full stopp i Bergen for dei som kom med fly oppover kysten, og dei måtte om Oslo med venting der, og møtet vart delvis halde på skype. Men omsider vart dei samla i same rom og fekk unna sakene dei hadde sett seg føre.

Laurdagen var både regionstyret i Møre og landsstyret samla i Volsdalen menighetshus, fyrst med separate møter, deretter samla møte midt på dag med felles lunsj. Landsstyret held fram med sine saker, medan regionstyret med god hjelp frå områdeleiar Evy Larsen rigga til for ei større samling.

Kl. 15 var omkring 80 personar frå heile Møre og Romsdal samla for å høyre foredraget «Fremtidens NMS er nå» som generalsekretær Jeffrey Huseby skal halde i alle regionar landet rundt denne hausten. Landstyret vart presentert av landstyreleiar Øyvind Meling, og Jeffrey Huseby fekk så den neste timen til foredraget.

Det har vore fleire prosessar på alle nivå i organisasjonen dei siste åra. NMS har innsett at endring må til. Vi må stikke fingeren i jorda og finne ut både kvar vi står og kvar vi går. Framtida er her allereie. Og vi må våge endring for at NMS ikkje skal tape terreng, for at misjonen både i Norge, i Europa elles og ute i verda skal nå nye for Kristus og undertrykte og fattige skal bli møtt med solidaritet også frå kristne medmenneske.

Etter foredraget var det tid til drøfting, og det var stort engasjement rundt borda, før ein frå (nesten) alle bord presenterte det som var drøfta. Ein flott dag for både landsstyret og NMS – folket i Møre. Vi er svært glade for at landsstyret ville legge møtet sitt til Ålesund, ha møte ilag med regionstyret og at vi kunne kombinere det både med «Fremtidens NMS er nå» – samlinga.

Som ei flott topping var landsstyret sine medlemer med på gudstenester i Giske, Sykkylven og Ålesund søndagen. Og i Ålesund deltok også biskopen ilag med generalsekretær Jeffrey, landsstyreleiar Øyvind og fleire frå regionstyret i Møre.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp