Meny

Korleis møter vi våre nye landsmenn

Foto: Laila Karin T. Helle Last ned
- var temaet på inspirasjonssamlinga for Nordre/ Austre Sunnmøre i Volsdalen menighetshus tirsdag 4. september der vel 50 frivillege frå området hadde møtt opp.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Leiar i NMS områdeutvalet for Nordre/ Austre Sunnmøre Astrid Ulvestad Øygard opna med å minne oss på at vi alle er kalt til å vere medmenneske og å «elske nesten vår som oss sjølve». «Nesten» vår er medmenneska rundt oss som vi skal bry oss om.

«Kor Herrleg» frå Brattvåg/Vatne deltok med flott song og alle måtte dra på smilebåndet når dei stemte i med «kvinneforeningssangen».

Jorun Bakke Orvik som alltid har vore opptatt av dette temaet, innleia.

  • Korleis har dei det?
  • Korleis er det der du bor, har du hilst på nye landsmenn i nabolaget?
  • Å jobbe og ha kontakt med innvandrarar har berika livet mitt, seier Jorun, eg har fått meir enn eg har gitt. Jorun hadde utfordra nokon på førehand til å sei noko om temaet:

Azad Karimi frå Iran/Kurtisan er journalist og har skrive fleire bøker og artiklar som gjorde det vanskeleg for han å bu i Iran. Han kom til Noreg for snart 3 år sidan og til Brattvåg i desember 2017. Azad bytta religion og blei kristen i 2016.

Han understreker at det er viktig å lære seg språket og ha respekt for Noreg sine lover og tradisjonar. Det er og viktig at nordmenn helsar og tar kontakt, slik er ein med på å gjere det lettare for innvandrarar å lære seg norsk kultur og språk. Han avlutta med å seie:- «eit smil betyr så mykje».

God samtale rundt borda, f.v. Bjørg Haukedal, Edvard Orvik og Azad Karimi

Internasjonal kafé

Bjørg Haukedal fortalte litt frå Internasjonal kafé i Spjelkavik som har treffa sine i kjellaren i Spjelkavik kyrkje. Det er eit samarbeid mellom fleire organisasjonar.

-«Det er viktig at nordmenn og kjem, ein fin plass å bli kjent». Kafeen er nøytral og det blir servert god mat, tid til samtale og gjerne litt brettspel.

Åpen jul

I Brattvåg har det i fleire år vore «Åpen Jul» på bedehuset på Vatne. Fam. Øygard har vore primus motor i fleire år og det har blitt ein god tradisjon for heile storfamilien. Dei siste åra har det kome mellom 80-90 personar!

Leksehjelp

Gunvor Opskar har gitt leksehjelp til innvandrarar sidan ho pensjonerte seg som lærar.

_ Eg såg at dei trengte hjelp til forskjellege ting og vart etterkvart venn med dei og tatt godt imot! Leksehjelpa foregår som oftast heime hos dei og ho hjelper borna med lese-og skriveopplæring i norsk.

Bibelgruppe

Aud  Bovim og Gunhild Bjørkhaug vart utfordra til å starte bibelgruppe for kristne innvandrarar/flyktniningar.

– Det er viktig å bruke norsk og vi møtast i heimane på omgang annankvar veke. Vi oppleve eit kristent fellesskap både gjennom bøn og bibellesing.

Vennskap

Hege Steinsland hadde med seg ei syrisk veninne og kunne fortelle at ho har fått seg nye vener. Hege har fått ei open dør inn til familien, dei praktiserer norsk ved å t.d. snakke om kjekke ting.

F.v. Jorun Bakke Orvik, Ahead Awad, Gunnhild Bjørkhaug, Aud Bivim og Hege Steinsland

Kvelden vart avslutta med kollekt og «Amerikansk auksjon» der  varer frå NMS Gjenbruk vart auksjonert bort.

Amerikansk auksjon leia av auksjonarius Steinar Røsvik

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp