Meny

Julemesse på Aure

Foto: Hege Steinsland Last ned
Et yrande liv på Aure Misjonshus då den årlege julemessa fann stad laurdag 17. november. Fire generasjonar i saumlaust samspel er ikkje kvar dag ein opplever. På Aure var det slik. Denne dagen, mykje grunna aktiv deltaking frå ”Ørneklubben” med familiar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Små og store kosa seg på julemesse

Sjølv om julemesse er arrangement med rike tradisjonar, var det stort rom for refleksjon kring fornya misjonsforståing.

På Aure samarbeider NMS og Misjonssambandet om julemessa med fokus og inntekter anna kvart år. Denne dugnadsånda sette sitt preg på arrangementet med bidrag frå svært mange med mat, prat, program, leikar og sang.

Misjon og hjartespråk

Ein kaffikopp ved bordet til Karen Flatø ( misjonskonsulent gjennom mange år) gav ein spennande samtale. Der sat også Ingrid Aukan som kjente Karen frå samarbeid kring ei julegudsteneste. Då hadde Ingrid spurt om lov til å lese juleevangeliet på Tusnadialekt. Karen hadde vore positiv til dette, og Ingrid tok fatt på forarbeidet.

Ingrid Aukan

Ho snakka med lokale dialektekspertar og med teologar for å sikre seg at både innhald og form vart godt ivareteke. Då ho leste juleevangeliet i den gudstenesta var det så stilt som det aldri hadde vore før.  Å få evangeliet lest på sitt eiga hjartespråk hadde ein effekt. Eit eksempel på at noko vi gjer ute i verda kan ha overføringsverdi til det vi gjer i vår eigen kontekst. Også eit lokalt

eksempel på ”Use Your Talent” frå Ingrid Aukan til inspirasjon.

Misjon er større enn organisasjon

På eit anna bord sat Gudbjørg Melland og ville gjerne kjøpe NMS – adventskalender. I samtalen med henne kom det fram at ho i mange år vevde Nordmørsåkle til utlodning på misjonsbasarar. Gudbjørg brann åpenbart meir for formålet enn ein bestemt organisasjon; ”Eg har vevd til 7 forskjellige misjonsorganisasjonar”, kunne ho fortelje. Etter eit slag i 2012 vart ho blind, og kunne ikkje veve lenger. Men engasjementet for misjon og glimtet i auga var heit åpenbart intakt.

Gudbjørg Melland

Ny tid – nye roller

NMS har stadig færre tilsette og også få misjonærar i høve til tidlegare. På Madagaskar har NMS hatt 852 misjonærar gjennom dei 150 åra ein har vore tilstades i landet. I dag er det 5 aktive misjonærar der.

Då er det fantastisk at nye trer fram og tek oppgåva med å formidle frå landet og arbeidet.

Liv Anne og Asbjørn Innerdal deltok på jubileumstur til Madagaskar hausten 2017.  Etter det har dei delteke med fersk misjonsinformasjon mange stader. Denne laurdagen var det folket på Aure som fekk to gode bolkar med inspirerande og oppbyggjande  formidling. For mange var dette eit høgdepunkt på julemessa. Liv Anne og Asbjørn hadde også merka at misjon går begge vegar. ”Vi er vant med å tenkje at vi reiser ut i verda for å gje noko. Vår oppleving var i svært stor grad at vi var dei som fekk i møte med kyrkja og menneska på Madagaskar”

Godt økonomisk resultat

Alt mandagen etter messa gjekk 70 000 kr inn på NMS sin konto frå denne julemessa. Enda forventer dei å sende meir via Vipps – inntektene er talt opp. Bra jobba gode Nordmøringar!

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp