Meny

Jubileum og misjonsselskap

Last ned
Laurdag 19. januar var det «Misjonsselskap» heime hos Torunn Bildøy i Ålesund. Det var 80- årsdagen som vart feira.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sjølve dagen hadde vore feira saman med familien før men denne kvelden var 20 misjonsvener mfl. samla til fest. Torunn har vore med i foreininga «Fremad» i ei årrekke og har og vore formann i mange år.

Jubilanten Torunn Bildøy

«Fremad» har ein lang tradisjon med å ha «misjonsselskap» når nokon har «runde» dagar. Jubilanten inviterer, dekker bord, koker kaffi etc. Foreningskvinnene kjem med mat til koldtbord og kaffibord, med andre ord: spleiselag.

Programmet i eit slikt selskap kan vere så forskjellig. Denne gongen var Janne Bjune med og hadde andakt.

Det var og sjølvsagt tid til helsingar, diktlesing, song og god prat.

Etter jubilanten sitt ønske vart det samla inn gåve til NMS, denne kvelden kom det inn kr. 6500,-. Opp gjennom åra har slike selskap i «Fremad» gitt mange tusen kroner til misjonen.

Opptelling av kollekt

Opptelling av jubileumsgåva som går til NMS

Dette er ein fin måte å feire kvarandre på. Vi treng litt fest i kvardagen og vi gler oss i lang tid på førehand til ein slik festkveld.

Kan du tenke deg å gjere noko liknande? Sett i gang! Det er absolutt å anbefale. Lykke til!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp