Meny

Inspirerande regionstemne i Møre

Foto: Martha Ibarra Last ned
Det er tre år sidan siste regionstemne i NMS Møre i Molde og denne gongen var det Nordmøre sin tur. Regionstemnet starta med gudsteneste i vakre Øre kyrkje
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Sokneprest Arne Bøe, organist Gunnar Sødal, klokkar Aud Toril Gagnat, generalsekrerær Jeffrey Huseby og fleire friviljuge ga oss mykje fint på gudstenesta. Og kyrkjelyden deltok med kraftig og vakker salmesong.

Vi vart og tekne godt imot på Høgtun folkehøgskule, med middag og kaffi før vi samla oss til stemnefest. Bjørg Myhre og Mathilde Opstad Pettersson frå NMSU leia festen med både munter og stødig hand. Fint med eit ungdomeleg innslag i ei godt vaksa forsamling.

Damekoret Canite med dirigent Gunn Sissel Bakken Håseth ga oss vakker song i to avdelingar.

Damekoret Canite frå Molde deltok med vakker song på festen

Jeffrey Huseby hadde fått i oppgåve å tale over visjonen til NMS: Ei levande kyrkje over heile jorda. Er vi levande kristne, deler vi trua på Jesus, og slik kan den verdsvide kyrkja vekse. Ikkje berre i Afrika og på Madagaskar, men i Frankrike, Estland, England og her hjå oss også. Ei levende kyrkje er ikkje meir levande enn summen av dei enkelte levande kristne. Kvifor har kyrkja på Madagaskar vakse så mykje? Kanskje fordi dei har fått oppdraget med å ta med ein ny til kvrkje kvart år. I Romarbrevet vert vi mint på korleis kan folk høyre evangeliet utan at nokon forkynner.
NMS sin strategi er å dele trua, utrydde fattigdom og kjempe mot urett. Med utgangspunkt i bibeltekstar utfordra Jeffrey oss å gjere noko for særleg marginaliserte menneske. Han delte historier som vitna om kva NMS med enkle midlar hadde gjort for einskildmenneske, men som gav gode liv for mange fleire, mellom anna om kvinna i Antsirabe som fekk ein bakaromn for 300 kroner og som no brødfør fem familier.

Gunnhild Bremer delte ord og bilete frå tur ho og Bjørg Myhre hadde til i Egypt i vår, der dei fekk vitje TV-stasjonen Sat7. Ho fortalde også om sitt arbeid i NMSU Møre, og understreka kor viktig det var å gjere Guds kjærleik synleg.

Vår nye regionstyreleiar Arne Drøpping og nytilsett i prosjektstilling i Møre, Hege Steinsland vart presentert og bedt for. Dei fekk dele litt av sine visjonar for arbeidet.

Hovudkomiteen for Sommarfest og Generalforsamling i Ålesund i 2020, vart tekne fram og presentert av leiar Barbro Landmark og nestleiar Knut Bjune.

Takk til Peter Odd Bjørkhaug og komiteen for regionstemnet som gav oss eit flott regionstemne med veldig godt oppmøte, og gode kaker og kaffi til slutt!

Bjørg Marie Myhre og Mathilde Opstad Pettersson frå NMSU leia festen

Jeffrey Huseby holdt søndagen peike

Vi fekk god hjelp med lyd avelevar ved Høgtun folkehøgskule

Kjekt på regionstemne. Liv Stokke Gading, Kari Sødal, Ruth Ingrid Ulstein Bøe og Asbjørg Oksavik Sve

Myldring og prat

Sofagjengen 🙂

God prat i pausen

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp