Meny

Inspirerande Estlandskveld i Brattvåg

Foto: Peter Odd Bjørkhaug Last ned
Søndag 12.august hadde vi besøk av Saku Gospel frå Estland i Brattvåg kyrkje. Prest Magne Mølster, som er utsend av NMS, fortalde om kyrkjelydsplanting i området kring Tallinn, og spesielt i Saku, som er ein bydel med ca 10 000 innbyggarar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Magne drog linjene bakover i estisk historie og kyrkjeliv. Sjølv om kristendommen og den lutherske kyrkja stod sterkt i Estland før den sovjetiske okkupasjonen i 1940, var berre 25% av folket medlemmer i ei kristen kyrkje ved frigjeringa i 1991. Svært mange av dei gamle kyrkjene var omgjorde til andre formål. I dag bur halvparten av folket i Tallin-området. Det er mange kyrkjer i gamlebyen, men i dei områda der folk bur, er det praktisk talt ingen kyrkjer.

Den nye kyrkjelyden i Saku vart stifta i 2013, og har vel hundre medlemmer. Dei driv m.a. eit aktivt ungdomsarbeid, og kommunen har vist at dei set pris på dette. Dei har også konkrete planar om å bygge ei ny kyrkje, og håper på økonomisk bidrag frå staten i form av erstatning for beslaglagde kyrkjer under kommunismen.

Koret Saku Gospel fra Estland deltok med sang. Foto: Asbjørg Oksavik Sve

Estlandskvelden vart leia av Hege Steinsland, som har besøkt Estland som landsstyremedlem i NMS. Ho sa at vi som kyrkjelydar i Norge har svært mykje å lære av kyrkjelydane i Estland i måten dei opnar seg mot samfunnet. Korleis kan vi som kyrkje tene vårt lokalsamfunn?
Dei mange frammøtte var frå ulike kyrkjelydar på Sunnmøre, m.a. Sula og Giske som saman med Brattvåg har Estland som misjonsprosjekt. Det vart knytt nye band både mellom kyrkjelydar på Sunnmøre, og mellom Sunnmøre og Estland. I salen var det også svært mange som har vore i Estland, og det blir sikkert fleire som reiser etter dette.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp