I Heilag-Olav sine fotspor langs Valldalsleia
Turen starta med kveldsbøn i Valldal kyrkje onsdag kveld, der Astor Furseth fortalde pilegrimane om Olavstradisjonane og fylgde oss opp til Korsbrekka. Deretter gjekk me til Valldal Camping. Der budde me i lavvo dei to første nettene, på ei høgde litt for oss sjølv.
Torsdagen vandra me opp gjennom dalen forbi olavskjelda på Alstad, gjennom Skjersura og fram til Grønningsæter.
Fredagen gjekk turen vidare i regnver og skodde 850 m opp i Tafjordfjella. Den store utfordringa her var våte steinar og ulendt terreng forbi Illstigvatnet, men alle kom velberga forbi. Mange vart også både våte og kalde, så det var ekstra godt å komma fram til overnattingsstaden på Vakkerstøylen om kvelden, med varme i ovnane, god mat og mjuke senger.
Siste vandringsdagen gjekk forbi Tunga, gjennom Brøstdalen og over til Rånå. Utfordringa her var at delar av stien kunne ha vore betre merka, for det var til tider vanskeleg å finna løypa, særleg etter fylkesgrensa.
Alt i alt ein fin tur, men me rår til å ha kortare dagsetappar om andre skal ta same turen, iallfall om ein skal ha god tid til refleksjon og samtale undervegs. Det var godt å avslutta med nattverdgudsteneste på Bjorliheimen søndag formiddag.
Så spørst det då, om me skal gå siste delen av Valldalsleia gjennom Lesja og Dovre fram til Fokstugu neste år?
Oppstiginga til Steindalsætra frå Grønningsæter. Foto: Geir Sakseid[/caption]

Foto: Ole Kristian Due