Meny

Gud ser ikkje smått på dei små

Foto: Helene Reite Uglem Last ned
Vi må sette oss på huk av og til. For vi har mykje å lære av barnet, ifølge familierettleiar Ingunn Marie Aase.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Kva held vi eigentleg på med, mor? Ingunn Marie og den yngste sonen går rundt og rundt den store garden. Dei har nyleg flytta hit. Framfor dei ligg ein stor låve, eit gammalt kastanjetre og eit klassisk jærlandskap. Mykje boltreplass, mykje arbeid, men stort potensiale. Ingunn Marie har fått det for seg at dei må be for den nye heimen. Innta det nye landet, på ein måte. Jo, han forstår jo det. Dei går vidare. Han ber på sitt vis. Ho ber på sitt. Og det seier mykje om familien Aase.

Trua er kvardagsleg. Ein del av livet. Ein del av familien.

14 år etter sit ho i sofaen, ser ut på eit nybygd drivhus og snakkar om barn og tru. Eit utømmeleg tema for ei dame som har tenkt på dette heile livet. Heilt sidan ho sat på bedehuset med musefletter og var litt redd for dei vanskelege orda frå talarstolen. Ho er ikkje redd lenger no. Frykta har blitt forvandla til ein brann. Ein brann for at barn skal få komme til Jesus i sitt tempo. Og at vi vaksne ikkje hindrar, men støtter. Utan å skubbe.

LYTT
Eg fortel at eg nyleg har snakka med åtte personar som fortel om møter med Gud i barndomen. Kva tenkjer ho om det?
– Eg tenkjer at vi har ein Gud som møter oss. På ulikt vis. Fordi vi er forskjellige. Nokon høyrer og kjenner ting. Andre møter Gud i meir ordna former. Ingenting er feil. Vi må vise barna at vi er ulike, byrjar Ingunn Marie. – Og så tenkjer eg at barn tek inn meir av det åndelege. Og at noko skjer på vegen mot det å bli vaksen. Vi får behov for å forklare opplevingane. Men vi kan forklare ting ihel. Og barn treng meir forståing enn forklaring, legg ho til. For gudserfaringar er ikkje så merkelege i barnets verden. – Dei hoppar inn og ut av fantasi, utan å stemple kva som er kva. Dei berre er i opplevinga. Der har vi mykje å lære, trur Ingunn Marie. Når barn fortel om ei gudserfaring, trør ho varsamt. For mange ord og forklaringar kan trakke ned eit sårbart frø. – Kanskje blir vi vaksne litt redde for sånt? Då kjem behovet for å forklare. Så roter vi det berre til. Kanskje er det nok å berre lytte?

GUDS VERKTØYKASSE
Yngstemann har ein augesjukdom. Då kveldane kom, såg han mindre. Tankane kunne mørkne. Saman med Ingunn Marie var han på ei samling for svaksynte i Oslo. Alt var nytt og uvant. Men då Ingunn Marie sa god natt på sengekanten, sa han noko ho aldri gløymer. – Mor, Gud har mange slags verktøy. Med dei kan han skru ut dei vonde tankane, sa han. Heilt utav det blå. – Han var seks, og brukte vanlegvis ikkje slike ord. Skulle eg spørje kor den tanken kom frå? Prøve å forklare? Nei. Eg visste at no måtte eg berre gøyme desse kloke orda i hjartet mitt, seier Ingunn Marie og blir litt blank i auga.

– Barn testar oss. Dei fortel litt, for å sjekke korleis vi reagerer. Tek vi imot, fortel dei meir.

Vi må vise at vi toler, uansett kva som kjem, trur Ingunn Marie.
– I Norge er gudserfaringar litt tabubelagt. Kvifor?
– Vi vil ha ei naturleg forklaring på alt, men Guds rike er jo ikkje alltid forklarleg. Mange ting kan sikkert forklarast naturleg. Vi skil det naturlege og det åndelege heile vegen, men det heng jo eigentleg saman. Gud ønskjer å møte oss i det naturlege, midt i kvardagen. Barn har forstått det. Vi heng litt etter der.

BARNETS TEMPO
– Tek vi barn nok på alvor, når vi plasserer dei i søndagsskule under gudstenesta?
– Eg trur vi viser barna respekt ved å gje dei sin eigen arena. Utan vanskelege ord og kompliserte tema, svarer ho.
– Men kva er viktig i kristent barnearbeid? Det har ho mange tankar om.
– Eg har eit motto i alt barnearbeid eg er med i: Vaksne og barn er likeverdige. Eg skal ha respekt for barna. Lytte, sette meg inn i deira situasjon, som eg ville gjort med ein vaksen. Men vi er ikkje likestilte. Det er dei vaksne som skal leie og passe på, presiserer ho. Relasjon er viktigare enn at barn sit som tente ljos. For Gud er like mykje i kaoset. – Søndagsskular treng trygge, kloke vaksne som ser. Det er viktigare enn alt vi seier. Viktigare enn at dei sit i ro, seier Ingunn Marie, som synes «bæ, bæ, lille lam» høyrer like mykje heime i søndagsskulen som Jesus-songane. – Det handlar om å vere saman, be og velsigne kvarandre, trur ho. – Men det er lett å bli som disiplane. Dei hindra barna frå å kome til Jesus, for dei tenkte han hadde viktigare ting å tenkje på. Men Jesus bad dei kome. Så er vår oppgåve å leie dei varsamt til han, utan å presse. For ho har sett mange brenne seg på press opp gjennom. – Vaksne har så lett for å stresse og overdrive. Men vi må tørre å følge barnets tempo.

DEI VANSKELEGE TINGA
– Søndagsskulen må våge å snakke om det som er vanskeleg også. Mange barn opplever smerte i livet. Vi kan vise at Gud er med i det vanskelege også, fortset Ingunn Marie. For slik lærer barn at Gud toler alt, også vanskelege kjensler. – Barna kopierer oss. Når vi går til Gud i sinne og frustrasjon, lærer barn at han toler det. Når vi ber om tilgjeving, lærer dei å be om tilgjeving. Om vi aldri prøver og feilar, korleis skal barna lære om Guds nåde?
– Kan vi gi barn ei trygg tru når vi tviler sjølv?
– Ja. Gud er ikkje avhengig av slikt. Vi klarer ikkje å gå gjennom livet utan å tvile. Det kjem barna også til å oppleve. Men går vi til Gud med det også, lærer dei at han toler tvil. Det handlar om å klamre seg til Gud i alt. Relasjonen til Gud er som andre nære relasjonar: Ein blir sint, frustrert, glad og lei. Det er fint at barna ser det. At han er ein del av kvardagen, livet, ikkje berre søndagane.

VI LÅNER DEI
– Vi låner barna den tida vi er her på jorda. Tenkjer ein på det, blir ein audmjuk. Ho trur vi må sette oss på huk av og til. Sette oss inn i barnets verden. Audmjuke oss, for då kan fine ting skje. – Barn er berarar av oppmuntring. Tek vi imot? Seier vi «takk, no oppmuntra du meg»? Seier vi «unnskyld, du hadde rett»? spør Ingunn Marie. Vi må tørre å la barnet gå først av og til, oppfordrar ho.
– I barnehagen snakka vi om den barnestyrte leiken. Om vaksne alltid går inn og tek styring, hindrar ein kreativitet og spontanitet. Slik er det med trua og. Dei må få ta imot Guds rike på sin måte. Samstundes må vi skape arenaer der dei kan møte Gud.

– For oss vart morgonsamling og familieråd noko som fungerte.

Kvar morgon sette vi av sju minutt til bibelvers og bønn. Borna fekk ansvar for kvar sine dagar. Ein gong i veka hadde vi familieråd. Vi la fram det som låg oss på hjartet. Så song vi, og bad litt. Det var ikkje så viktig å vere stille og sitte fint. Det var enkelt, ingen store ord. Men Gud var med, midt i kvardagskaoset.

INGUNN MARIE AASE (45)

  • Familierettleiar i barnevernstenesta.
  • Førskulelærar med mange års barnehageerfaring.
  • Har drive søndagsskule, barneklubbar og kor.
  • Er gift med Bjarte og har tre barn på 22, 20 og 16.

Misjonstidende 1-2019 har «Barn & tro» som tema. Les hele bladet her: Misjonstidende nr 1-2019
Vil du abonnere og få bladet gratis i postkassen? Send en SMS med tekst «NMS MT» til 2490, eller en mail til infosenter@nms.no

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp