Grunnstein for ny kyrkje i Sharm el Sheik
– Med dette fremjar staten trusfridom for alle i landet vårt, seier Andrea Zaki, den protestantiske kyrkjeleiaren, medan Khalid Fouda, guvernøren, på si side formulerer seg slik: – Den evangeliske kyrkja i Sharm El Sheikh vil få stor betydning kulturelt og religiøst, både i Egypt og vidare ut.
Mange religiøse og statlege leiarar var til stades under den høgtidelege handlinga, likeså mange sikkerhetsoffiserar frå fylket.
I talen sin understreka guvernøren at dei har ein god relasjon til dei protestantiske kyrkjene. – Alle egyptarar uavhengig av religion og trusretning, er likeverdige. Det er ei stor glede for meg å vera med å legga grunnsteinen for eit religiøst senter der Gud vil bli tilbedt.
Zaki takka også landets president Abdel Fattah al-Sisi som no ønskjer å støtta alle innbyggjarar i landet ved å opna for bygging av både moskear og kyrkjer fleire stader.