Meny

God og givande julemesse på Aure

Foto: Per Eilert Orten Last ned
Mykje folk i alle aldrar og frå alle delar av kommunen møtte fram til julemesse på Aure Misjonshus laurdag 19. november, og det vart ein dag av dei sjeldne, der både store og små kosa seg, støtta misjonen og fekk med seg varige verdiar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I tillegg til folk frå Aure registrerte vi tilreisande  frå Smøla og Vinjefjorden som tok turen hit, attåt utflytta Aure-ungdommar som nytta høvet til heimreise for å oppleve julemessa og treffe familie og kjentfolk.

Veret var bra og føret forholdsvis trygt, så mange var innom Aure Misjonshus frå opninga kl. 10 til avrundinga  i 18-tida. Og vi fekk alle oppleve ein kjempeflott dag!

Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og NMS skiftar på å ha ansvaret for denne årlege julemessa, i god samforståing. I år hadde NMS ansvaret, med god hjelp frå mange i bygda.

Programmet var allsidig – og for alle aldersgrupper. Arne Mastad og Aure Misjonskor gav oss songar med innhald og meining. Det var misjonsmøte og familiemøte. Forkynninga bad oss avhjelpe materiell naud,  halde ryktet om Jesus levande – og gje vidare evangeliet om den Jesus som elskar alle menneske. Tidlegare Mali-misjonær Janne Bjune gav gripande glimt frå misjonsarbeidet i Mali og andre stader. Besøket hennar vart til velsigning.

Mellom programpostane var det gode pauser som passa til prat og sosialt samvær; kjøp av lodd og årer og trekning av gevinstar; sal av handarbeid og andre varer; kjøp av kaffi, kaker, vafler – og rømmegraut eller pølser og brød.

Nytt av året (for NMS-messa) var tilbodet om film for borna og ansiktsmåling (for alle som våga).

Irekna loddsalet utover bygda på førehand, vart nettoinntekta på Julemessa 2016  ca.kr. 86.000. Pengane er no sende til NMS.

Tusen takk for all hjelp og støtte, og til alle som møtte fram!

Beste helsing NMS i Aure v/Per Eilert Orten

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp