Meny

FRIVILLIG FEST PÅ KJELSUND

Last ned
Kjeldsund tilsette arrangerte ein flott frivillig fest laurdag den 17. mars.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

 

 

For å vise takksemd til dei mange frivillige i NMS, inviterte dei tilsette til ei stor frivillig samling denne dagen.

Ein dag der vi fekk sjå Kjeldsund på sitt vakraste, med blikk stille og sol.

Jan Ove Kleppe leia festen, og starta med å takke alle dei som nærmast dagleg står opp og brukar tid på NMS.

Vi er så heldige å ha mange gjenbruksarbeidarar i vårt område, som fordeler seg på dei tre butikkane; Volda, Myrvå og Ulstein.

Etter innleiinga starta vi med eit flott middagsmåltid, før Svein Kvamsdal held ein framifrå tale.

Ein tale som inneheldt det meste i og rundt arbeid og teneste for Guds rike.

Det var vakre, meiningsfulle og ikkje minst bevegande ord i talen.

Øyvind Storøy kom og orienterte frå arbeidet til Kjeldsundfamilien, og det aktive året dei har hatt.

Ca 150m ny veg ut til ein ny stor gapahuk, i tillegg til, leikeapparat var litt av ei gladmelding å dele.

No har speidarane, og NMSU fått fleire tilbod enn nokon gong før på Kjeldsund.

Til slutt orienterte Stein Tony Eidså om arbeidet, og utvikling på Kjeldsund.

Eit rikholdig arbeid med stor entusiasme. Det er så kjekt å sjå at fleire enn nokon gong før brukar Kjeldsund vekentleg.

Jan Ove takka for at vi har tilsette, som leitar etter ny moglegheiter for Kjeldsund.

Her skal vi starte eit kartleggingsarbeid i neste månad, og så skal vi følgje opp med strategi og utviklingsplan.

Alt i alt mykje positivt å melde frå frivilligsamlinga, og folket var gavmilde når dei offra.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp