Friluftsgudsteneste på Kjeldsund med biskop og prost

Last ned
Omlag 100 personar var til stades på ute gudstenesta den 31. mai på Kjeldsund. Det heile starta med at Kjeldsundspeidarane kom inn på Gapahukplassen i prosesjon med flagg og eit trekors. Gudstenesta vart ei flott stund på Kjeldsund, der biskopen og prosten som har vore speidarar i ei årrekke, var ikledd speidarskjorter.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Biskop Ingeborg Midttømme løfta fram det gode med å være speidar i helsinga si.

Kjeldsundspeidarane er knytt til NMSU, og dermed hadde dei på seg sine nye overdelar med namn og logo.

Sokneprest Knut-Magne Dalsbø heldt ein framifrå tale, der han poengterte kva det vil seie å vende seg om til Jesus.

Utgangspunktet i talen var forteljinga om den etiopiske hoffmannen og Filip frå apostelgjerningane kapittel 8.

Han løfta fram at der gjerne er to måtar å tru på. Ein ved at man trur med tankane, og ein ved at man trur med hjartet.

Ved å tru med hjartet, og ved å tale det ut med munnen vender vi oss om mot Jesus.

Den etiopiske hoffmannen gjorde det, og alle er vi oppmoda til å ta det valet.

Nokre kanskje med små steg, mens andre går raskare.

Det viktigaste er at me tek valet, der me våger å tru med hjartet, og sanne med munnen.

Det poengterte Knut-Magne på ein framifrå måte.

Etter talen framførte ei barnegruppe frå Moltu ein flott song som aktiverte heile kyrkjelyden.

Gudstenesta blei avslutta ved at biskopen lyste velsigninga ut over folket.

Offeret som blei teke inn gjekk til Kjeldsundspeidarane.

Kjeldsundfamilien har i ca. 4 år jobba for å få til ein skikkeleg gapahuk på Kjeldsund.

Øyvind Storøy har våre ein av dei fremste eldsjelene i dette arbeidet.

Ei av dei største inntektskjeldene til Kjeldsundfamilien er den årlege basaren i mars månad.

Øyvind takka alle som sponsar gevinstar, og alle andre som deltek på basaren.

Han takka alle som har bidrege i arbeidet med gapahuken, og stod for klipp av snora.

Inkluderande som han er, velde han ut ein speidar til å delta på seansen til god applaus frå folket.

Deretter hadde vi kyrkjekaffi med friluftsaktivitetar.

Kjeldsundspeidarane sytte for kakene, saft og kaffi, og sal av pølser.

Alt i alt ei veldig flott stund i sola på vakre Kjeldsund.

Ref.: Jan Ove Kleppe

dav

Expand Lukk Søk Meny Mer Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp