Frå Brasil til Giske
Dei er ivrige etter å gjera seg kjende med Giske og folket på øyane her, dei to brasilianarane Luis Bach (24) og Jessica Staehler (26).
Sist oppdatert 21.05.2019
Dagen etter at dei landa på Vigra, blei dei med konfirmantane frå Giske og Vigra til leir på Kjeldsund.
Jessica og Luis er utvekslingsstudentar ved Hald internasjonale senter i Mandal dette året, og skal bu på Valderøya fram til april neste år.
Medan dei bur her, skal dei gjera teneste i kyrkja og i NMSU (Det Norske Misjonsselskap sin ungdoms-organisasjon). Her i kyrkjelydane våre skal dei vera med på trusopplæringstiltak for born og unge og elles delta i kyrkjelydsarbeidet, medan dei lærer seg norsk.
Sist måndag var dei innom på sveletreff i Valderøy kyrkje, og svelene til Arnhild Sæther fall visst godt i smak!
https://kyrkja.no/nn-NO/fellesrad/giske-kyrkjelege-fellesrad/fra-brasil-til-giske/