Meny

Ein god leiar lyttar innover

Foto: Erlend berge Last ned
Geir Gundersen lærte å lytte innover, slik Ignatius av Loyola gjorde det på 1500-talet. Då gjekk trua frå hovud til hjarte, og han vart ein betre leiar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ein kan ikkje drive med misjon utan å ta sitt eige personlege trusliv på alvor. Då vert evangelisering noko instrumentelt, seier Geir Gundersen som er åndeleg vegleiar ved Loyola senter i Oslo. – Åndelege vegleiing handlar om at trua går frå hovud til hjarte. Trua må levast innanfrå. Det er det personlege forholdet til Gud vi først og fremst er kalla til.

LYTTE INNOVER
Geir bruker mykje av pensjonisttida si på Loyola senter. – Etterspørselen aukar. Kapasiteten er fullt utnytta. Fleire og fleire ønskjer hjelp til å fordjupe seg i sitt åndelege liv. Vi treng ikkje drive reklame for dette. Dei som treng oss, strøymer på. Og det er alle moglege folk, kan Geir fortelje. Åndeleg vegleiing i Ignatius-tradisjonen handlar om å vegleie i bøn og fordjupe seg i sitt personlege forhold til Gud. Ein må vere villig til å sette av tid til stille bøn kvar dag. – Kva skjedde i deg då du bad? Det kan vere det første spørsmålet i vegleiingstimen. For nettopp dette kan fortelje mykje. Samtalen utfaldar seg ut frå svaret. Det som skjer i oss når vi ber, kan få konsekvensar for mange sider ved livet, forklarer Gundersen. Dei fleste kristne ber, men ikkje alle er merksame på kva som skjer når vi ber; kjensler og tankar kjem opp. Men kan desse menneskelege mekanismane, som kan kjennest som støy, vere nyttige? – I vegleiing vert ein meir var på det som rører seg i oss i bønelivet. Ein lærer seg å lytte innover. Mykje dukkar opp. Men så må ein lære å sjå forskjell på åndene: Kjem denne tanken frå Gud, meg sjølv eller er det andre impulsar?

GAMAL OG AKTUELL TRADISJON
Tradisjonen kjem frå Ignatius av Loyola som levde på 1500-talet. Han er grunnleggaren av den katolske jesuittordenen. Han erfarte åndeleg vegleiing og starta difor eigen praksis. – Så har vegleiingstradisjonen levd sitt liv i det katolske klostervesenet, særleg blant jesuittar, men i nyare tid har den sprengt seg fram på tvers av kyrkjesamfunn på forbløffande vis, fortel Gundersen om tradisjonen som framleis veks. – Kvifor er dette så populært? – Mange lengtar etter å komme nærmare Gud. Trua har levd i hovudet og vore eit tankesett med meiningar ein har teke for gitt. Før eller seinare får ein eit behov for å arbeide med trua si innside og gjere den personleg. Alle relasjonar krev arbeid, trening og refleksjon. Det gjer også relasjonen til Gud.

ÅNDELEG LEIING PÅ DAGSORDEN
NMS set åndeleg leiing på dagsorden meir enn før. – Det fortel meg at NMS vil auke merksemda rundt korleis det åndelege livet blir praktisert i eigne rekker. Lever NMS ut det dei trur på? Korleis ser det åndelege livet ut i fellesskapet? Og i leiinga? Eit viktig spørsmål å stille seg, meiner Gundersen, som ser at mange organisasjonar stikk fingeren i jorda på eit eller anna tidspunkt. Vårt personlege forhold til Gud, og vår lengt etter å kome nærmare Han, pressar seg fram før eller seinare, både i enkeltmenneske og organisasjonar. Vi ønskjer djupast sett å leve verdiane våre, og ikkje berre snakke om dei, seier Gundersen, som sjølv har kjent effekten av åndeleg vegleiing. – Eg var vaksen, ordinert prest og hadde leiaransvar. Då kjende eg behovet for ei personleg fordjuping i mitt gudsforhold. Eg trengte å arbeide med forholdet til Gud på same måte som eg pleia andre relasjonar. Då tok eg kontakt med St. Josephsøstrene og fekk søster Hedvig som vegleiar fram til ho døydde. Dette har vore den viktigaste impulsen til truslivet, men har også påverka måten eg jobbar på.

————————————————–
LOYOLA SENTER
Den katolske nonneordenen St. Josephsøstrene starta med åndeleg vegleiing på Grefsen i Oslo på 90-talet. I dag har arbeidet vakse til å bli eit økumenisk åndeleg vegleiingssenter. Formålet med senteret er å styrke det åndelege livet og integriteten til dei som kjem, og gjennom dette bidra til åndeleg liv i kyrkje og samfunn. Dei tek i bruk vegleiingstradisjonen etter Ignatius av Loyola. For å bli åndeleg vegleiar må ein bli sertifisert. Geir Gundersen (70) er åndeleg vegleiar her. Han er teolog og prest med mykje leiarerfaring. Han har vore leiar for Diakonhjemmet i Oslo, generalsekretær i Blå Kors Norge, i tillegg til å vere president i det internasjonale Blå kors.
————————————————–
Artikkelen er publisert i Misjonstidende nr 5-2018. Les hele bladet her: MT 4-2018
Misjonstidende er et gratis-blad. Send «NMS MT» til 2490 for å bli abonnent eller en mail til infosenter@nms.no

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp