Drapsforsøk på kristen marokkaner
Mohammed Saeed Zao klarte såvidt å unngå sverdet då ein ukjent mann gjekk til angrep på han.
Sist oppdatert 08.11.2016
Det var fredag 4. november at Mohammed Saeed Zao vart forsøkt drepen då han var på veg inn i blokka han bur i. Ein mann med eit sverd kom ut av ein parkert bil og prøvde å stikka han, men Mohammed klarte akkurat å koma seg inn døra.
Mohammed bur i Casablanca og er kjent for sin kamp for menneskerettane. Han er open om si tru og har stilt opp i mange intervju om religion og trusfridom.
Ei avis skreiv at angriparen ropte trugsmål mot Mohammed før han forlet staden.
På mandagen etter, 7.november, gjekk Mohammed til politiet for å melda overfallet, men dei nekta å registrera det og kalte Mohammed ein bråkmakar.
(Kjelde: Middle East Concern)