Meny

Dei ukjente misjonærane

Foto: Kristian Mjølsneset Last ned
NMS støttar ei rekkje misjonærar du mest sannsynleg aldri har høyrt om. Møt to av dei: Mariana og Mateus.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Mariana Erhardt og Mateus Pereira bur og jobbar i Lyon, i eit prosjekt i den protestantiske kyrkja i Frankrike. Kyrkja i Lyon har i lang tid strevd med å samla studentar og unge vaksne, trass i at det er ein studentby med stort potensiale. – Me er rett og slett tilsett for å gjera noko med det, seier det brasilianske ekteparet.

Spleiselag
Dei har vore i Lyon i fem månadar og er støtta økonomisk av NMS. Men kvifor høyrer ein så lite om misjonærar som desse? – Mariana og Mateus er det me i NMS kallar sør-sør misjonærar. Det vil seie at dei er tilsett i og sendt av ein av våre samarbeidspartnarar, men med støtte frå NMS, forklarar Lise Tørnby, leiar for NMS Global. Per i dag støttar NMS 15 sør-sør misjonærar. 2 etiopiske, 2 beninske og 5 kamerunske misjonærar i Mali, 4 gassiske misjonærar i Thailand og brasilianske Mariana og Mateus i Frankrike. Sistnemnte er sendt som misjonærar frå NMS sin partnar i Brasil, misjonsorganisasjonen Movimento Encontrão til NMS sin partnar i Frankrike, den protestantiske kyrkja. Dei delar, saman med NMS, på utgiftene til dei to misjonærstillingane i Lyon.

Historien fortsetter under bildet

NMS støttar i dag 15 sør-sør misjonærar.

Verdifullt nettverk
Samarbeidet kom i stand etter at den franske kyrkja uttrykte eit ynskje om å få hjelp til å fornye ungdomsarbeidet sitt. NMS hadde gode erfaringar frå fleire år med brasilianske Ucrew-eittåringar sendt til England, og utfordra Movimento Encontrão i Brasil til å sende sine fyrste misjonærar til Frankrike. Og det er nettopp slike prosessar Tørnby ynskjer at NMS skal leggje til rette for. – Me vil støtte våre samarbeidskyrkjer til å bli misjonsutsendande kyrkjer. Me har gode nettverk som gjer at me kan setje folk i kontakt med kvarandre, og sidan me ser på misjon som ei rørsle som ikkje berre går frå nord til sør, er denne forma for samarbeid heilt i tråd med vår strategiske plan, fortel Global-sjefen. Ho fortel at ein i ein del tilfelle også ser at misjonærar frå andre land enn Noreg kan ha betre føresetnadar for å gjera ein god jobb. Ein fulani-talande kamerunar vil trenge mindre tid til å setje seg inn i språk og kultur blant fulaniane i Mali enn ein nordmann. I Mariana og Mateus sitt tilfelle var det tidlegare erfaring med kristent nybrottsarbeid som gjorde dei særskilt eigna. Dei skulle til å avslutte eit kyrkjelydsplanteprosjekt sør i Brasil då dei fekk utfordringa frå leiinga i Movimento Encontrão om å bli misjonærar.

Kall frå Gud 
– Prosjektet var vellykka, og kyrkjelyden var alt oppe og gjekk då me fekk utfordringa, så det var eit naturleg tidspunkt for oss å gå vidare. Det kom litt brått på, men det kjentest som eit kall frå Gud, seier Mariana. Ho synest det var eit naturleg steg for kyrkja i Brasil å drive med misjon i andre land. – For oss handlar ikkje det å vera misjonærar i Europa berre om å gjeva tilbake noko av det me har fått. Det er også ein reaksjon på det behovet som finst i kyrkjene her. Me er ein del av ei verdsvid kyrkje der ein hjelper kvarandre i vanskelege tider. Det gjev oss motivasjon, seier Mariana.

Utfordringar på tvers
Og dei har fått nytte av erfaringa frå Brasil. Også i Lyon har arbeidet starta på bar bakke, og ein har møtt nokre av dei same utfordringane undervegs. – Det er ikkje noko å bygga vidare på, unge vaksne kjem ikkje på gudstenestene, og det finst så å seie ingenting for dei utanom på sundagane. Og så har me ei gruppe som har store forventningar til alt me skal få til, men som ikkje er opne for å forandre arbeidet dei allereie gjer. Dei vil ha fleire unge menneskje i kyrkja, utan å gjera forandringar. Desse to utfordringane hadde me også i kyrkjelydsplantinga i Brasil, og me kjenner no at det er godt å ha vore gjennom noko av dette før. Me føler det som om kyrkjelydsplantinga i Brasil var ei førebuing til arbeidet i Frankrike, seier Mateus. Men sjølv om det til tider kan vera utfordrande, har dei allereie fått i gang Alphakurs og studentmøter. Og frå kyrkja sentralt opplever dei god støtte, noko som betyr mykje for dei. – Det er veldig fint å vera invitert til Frankrike av kyrkja her. Det viser ein vilje til å sjå ting med nye auge og at dei er opne for impulsar frå andre land. Dette merkar me. Kyrkja er positiv til dei nye ideane me kjem med og er veldig støttande. Så neste gong du ber for misjonærane og arbeidet dei driv, ta gjerne med Mateus, Mariana og dei 13 andre sør-sør-misjonærane du som NMS-ar er med på å støtte.

Tekst: Marit Mjølsneset

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp