Meny

Blasfemiske tekstmeldingar

Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Farhan Aziz (25) er skulda for å senda blasfemiske tekstmeldingar på telefonen sin. Men ifølgje han sjølv og nære vener og familie er det andre som har skrive meldingane på ein telefon som er registrert på han. Telefonen og simkortet hadde han kjøpt til kjærasten Tania. Men sidan Farhan er kristen, mislikte familien hennar forholdet deira og fekk han fengsla 2.august på bakgrunn av meldingane dei fabrikkerte.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Tania vart lova bort til ein annan mann, og samstundes planla bror hennar og ein imam denne måten å få Farhan av vegen på.

Tekstmeldingane gjorde folka i byen sinte, og dei samla seg med stålrøyr og bensinkanner for å slå dei kristne og brenna husa deira. Heldigvis klarte politiet å forhindra det, men familiane måtte flykta. Utanfor fengslet der Farhan er, forlanger folk å få Farhan ut for at dei sjølve kan straffa han, d.v.s. ta livet av han. Bror til Tania er også sett i varetekt for å stå bak meldingane.

Nasir Saeed i CLAAS (Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement) som har offentleggjort denne saka, seier at dette er eitt av mange døme på korleis uskuldige menneske blir skulda for å senda blasfemiske tekstmeldingar medan det er andre som av personlege interesser og gjerne vil hemna seg, som står bak.

Saeed nemner m.a. Zaffar Bhatti som har vore fengsla i Adiala, Rawalpindi, i fleire år med dei same skuldingane over seg. Han vart i første omgang nekta juridisk bistand, men CLAAS tok sjansen og representerer han framleis.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp