Meny

Biskop Humphrey Peters, ny leiar i Den pakistanske kyrkja

Foto: Åslaug Ihle Thingnæs Last ned
Valet på ny leiande biskop i Den pakistanske kyrkja, CoP, fall på biskop Humphrey Peters som no er biskop i Peshawar. NMS har nære relasjonar til biskop Humphrey og gler seg over eit godt val for ei kyrkje som er sterkt pressa.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Humphrey Peters, leiande biskop i Den pakistanske kyrkja, COP

Denne veka har generalforsamlinga for Den pakistanske kyrkje (CoP) vore samla, og ei av sakene i år var val av ny leiande biskop etter Samuel Azariah som går av med pensjon dette året. NMS’ nære samarbeidspartnar, biskop Humphrey Peters i Peshawar, vann valet. Han var i Norge seinast i august i fjor, og NMS møtte han også i Finland i vår då det vart inngått ein avtale om at NMS skulle støtta oppbygginga av eit kurs og inspirasjonssenter for arbeidarar i CoP. Den nære relasjonen til Skandinavia skuldast ikkje minst det faktum at luthersk misjon har vore fokusert i Mardan som ligg i bispedømet hans.

NMS har gratulert han med valet, og me oppfordrar våre støttespelarar til å ta han og kyrkja han skal leia, med i sine bøner.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp