Meny

Basar med Kjeldsundfamilien

Foto: Jan Ove Kleppe Last ned
Laurdag den 9. mars arrangerte Kjeldsundfamilien den årvisse basaren for å støtte drifta på Kjeldsund. Lojale og rause givarar hadde på førehand ytt gevinstar for om lag 30.000,-.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Basaren starta med program og andakt leia av Jan Ove Kleppe.

Per Sævik heldt ei flott andakt, der han trekte fram verdien av det å være eit godt medmenneske for andre.

Per Sævik, norsk skipsreiar og tidlegare politiker var kveldens talar

I si forteljing skildra han ei sterk historie om misjonæren som møtte operastjerna, og der møte med misjonæren sine to folda hender gav meining for operasongaren når livskvelden kom.

Herøy Kyrkjekor stilte med song i to omgangar, og dei skapte magisk stemning med vakker song.

Arne Sivertstøl orienterte om korleis Kjeldsundfamilien hadde fordelt pengane i året som gjekk.

Sjøkabel og straum til gapahuk, samt walk on water ballar var hovudkostnadane i 2018.

Etter programsekvensen var det tid for mat, prat og loddtrekning.

Stemninga var særs god, og då var det slik Kjeldsund er på sitt beste.

Arrangør komiteen var særs nøgde med arrangementet, og godt nøgde med at om lag 130 menneske kom og støtta det viktige arbeidet.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp