Afternoon Tea med kongeparet
Ei ære
– Eg veit ikkje kven som har føreslått meg til eit slikt møte med kongeparet, men eg kjenner meg beæra, seier Kari Skår Sørheim. Fylkesmennene får inn alle forslaga for alle fylka, og så er det Slottet som vel ut kven som til slutt får kome og bli takka for innsatsen for friviljug arbeid utført av eldsjeler over 60 år.
Misjons-eldsjel
Kari har alltid ivra og arbeidd for misjon gjennom NMS. Ho har vore leiar for, og drive ei barneforeining som har hatt møte annakvar veke i over 30 år, blant mykje anna. Verv har ho hatt både lokalt i Masfjorden, og sentralt. Ho har blant anna vore leiar for NMS sitt landsstyre i to periodar (6 år). Nå er ho aktiv i NMS Gjenbruk på Knarvik, der ho er styreleiar, og ho er varamann til det sentrale styret for NMS Gjenbruk. Kari tykkjer det er ei ære at det langvarige misjonsarbeidet ho har vore med i blir sett av kongeparet. Det er også ei ære for misjonen.
Gjenbrukskjole
– Antrekket til Afternoon Tea er «Pent hverdagstøy». Eg har fått sydd meg ein gjenbrukskjole av gamle klede frå gjenbruksbutikkane våre i Masfjorden og Førde. Den er blitt flott, kan du tru! Så nå gler eg meg til å møte på slottet. Det er ei ære å bli invitert! seier Kari Skår Sørheim.
NMS Info/Marit Rødland