Meny

Fotokonkurranse

Last ned
NMS arrangerer Sommarfest & generalforsamling i Ålesund i juni 2020 med SAMAN som motto. I samband med generalforsamlinga utlyser vi ein fotokonkurranse.

Tema for fotokonkurransen er: Vatn

Vatn er ein livsviktig ressurs for alt liv på jorda og motivet kan knytast til ein bibelsk tekst.

Innleveringsfrist: før 1. juni 2020  til e-postadresse: web@nms.no

PREMIE

Dei tre beste bileta blir premiert med motivet trykt på aluminiumsplate 50 x 75 cm .

Eit utval av innsende bidrag vil bli vist under NMS Sommarfest og generalforsamling.

Kriteria:

Juryen legg vekt på det tekniske, estetiske, kunstnariske og kva inntrykk biletet formidlar.

Reglar for konkurransen

1.  Konkurransen er open for alle.

2. Det er lov å sende inn tre bilete per person.

3. Lever bilete saman med ein bibeltekst om vatn eller nokre ord om vatn knytt til mottoet SAMAN.

4. Husk namn på fotografen, adresse og e-postadresse.

5. Innsendaren kan kun delta med eigne bilete.

6. Dersom motivet inneheld bilete av personar må det innhentast løyve og er det barn må det leggast ved skrifteleg samtykke frå foreldra.

7. Juryen vil informere vinnarane av konkurransen og vise resultata under Sommarfesten og generalforsamlingen, samt på NMS si facebook side (https://www.facebook.com/misjonsselskapet/) .

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp