Meny

Velkommen til Ålesund sommaren 2020

Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned
Her skal vi saman finne inspirasjon til det gode fellesskap! Alle treng å kome saman! Vi treng å sjå og bli sett! Vi treng å bli inspirert. Skal vi overleve som kristne og som kyrkje, må vi saman finne måtar og overlevere kyrkja til nye generasjonar og folkeslag.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Barbro Landmark, leiar i hovudkomitéen GF 2020

Det har vore mykje omorganisering i NMS; mange har vore usamde i mykje, og då er det enda viktigare å kome saman. Snakke saman, sjå ting saman, og finne gode vegar å gå vidare saman på.

Kvar er vel betre stad enn Ålesund til å gjere det?! Det er Norges vakraste by! Det er det vel liten tvil om! Og ikkje minst regionen rundt. Her er det mange turistmål innan liten  radius. Er det storslått natur du vil oppleve har vi Geirangerfjorden, Atlanterhavsvegen, Rundefjellet berre eit par timars køyring ifrå Ålesund sentrum.

Vi har høge fjell og djupe fjordar i hopetal! Her er det berre å velge og vrake. Er det polarhistorie du er oppteken av, har vi eit stor polar museum på Brandal, ein kort båttur frå Ålesund. Her er ikkje plass til å nemne alt! Det kan vere lurt å legge inn 14 dagar med ferie i Møre og Romsdal til neste år, og la GF/sommarfest vere deler av den. Det skal mykje storm og styggever til før det vil bli ein skuffelse.

Mange mennesker opplever einsemd. Mange har vore NMS engasjert eit langt liv, men opplever at foreninga legg ned, folk forsvinn ut av arbeidet. Det har minka på tilsette, det er VI som saman må løyse oppdraget frå Jesus. Han har lova å gå saman med oss, både i kvardag og fest. Saman rundt bordet, saman om å dele, saman om å utrydde fatigdom, saman for ei betre og meir rettferdig verd. Ingen kan gjere alt, men saman kan vi få utrulige ting til å skje!

Programkomiteen har mange gode krefter i sving og har ute spørsmål til fleire i desse dagar. Vi vil ikkje røpe noko enda, anna enn å seie at vi ikkje er så opptekne av å få kjente namn til Ålesund. Vi trur at vi saman vil skape den gode stemninga og gi kvarandre mykje god inspirasjon på vegen vidare. GF er korta ned med ein dag frå 2020, slik at den store utfluktsdagen er tatt ut av programmet. Barn og unge vil få eit eige opplegg i gå avstand til hallen og tenåringar vil få leirtilbod på Kjeldsund saman med tenåringar frå regionen.

Velkomne til Ålesundsregionen sommaren 2020! Velkomne til å vere SAMAN i Ålesund i 4 forhåpentlegvis gode dagar!

 

Helsing

Barbro Landmark, leiar i hovudkomitéen GF 2020


Se andre arrangementer

24 jan

Fest for frivillege på Kjeldsund

Fredag 24. januar kl. 19:00 ynskjer vi velkommen til fest for frivillege på Kjeldsund. Dette er festen for alle som har støtta Kjeldsund på ulikt vis i året som er omme. Mange har vore med i mange år og ein ting er sikkert; Dokke fortener å bli sett pris på!
Les mer
26 jan

Misjonsuka 2020

Spennende gjester, internasjonale perspektiver og felleskap med den verdensvide kirke. Velkommen til Misjonsuka 2020 i Oslo.
Les mer
26 jan

Misjonssamling i Oslo

"Kirke og samfunn på Madagaskar og Kamerun" er kveldens tema. Toromare Manatato og Amos Ounsoubo er gjester på Misjonsuka i Oslo bispedømme. Denne kvelden deltar de på misjonssamlingen i Vestre Aker menighetshus kl. 18. Det blir servert varm aftensmat. Inngang kr 100.
Les mer
29 jan

Misjonsmøte Auklandshavn

kl. 19.00. Taler: Roar Vik
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp