Meny

Trettandedags basar på Ørsta bededus

Last ned
Det er ei stor glede for Det Norske Misjonsselskap (NMS) å ynskje velkommen til trettandedagsbasar på Ørsta bedehus laurdag 12. januar kl. 11-16. Som dei fleste veit, har trettandedagen vore, så vi har basaren litt på etterskot....
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Denne basaren har vore halden i svært mange årog det er flott å få vere med å vidareføre ein tradisjon som har vore med og engasjert og tilført NMS verdifulle kroner.

NMS vart stifta i 1842 og er såleis ein godt vaksen organisasjon.

Faktisk reiste sogningen Hans P S Schreuder  allereie 1. januar i 1844  til Sør Afrika som første  misjonær. Sjølv om mykje er endra i dei ulike landa NMS har arbeid i, er det fint å vite at vi kan vere med å kjempe mot urettferd, dele trua på Jesus og prøve å utrydde fattigdom.

Basaren tek til på føremiddagen med sal av tombola, lodd og årar. Matbordet trur vi vert fylt opp med mange gode kaker, sveler, smørbrød, betasuppe, risengrynsgraut og kaffi/te, saft og brus. 

Om nokon ynskjer å støtte med gevinstar, er vi svært takksame for det.

I år har vi vore så helge å få med Ørsta mannskor på føremiddagen. Dei vil ha ein minikonsert, det  vert også  litt info med Paul-Kristian Hovden.

Litt tidleg på ettermiddagen vil sokneprest Ruth Eva Solli ha andakt, Kirsten Ragnhild Grimstad vil ta del med sang og Matias Austrheim vert med.

Velkommen til trettandedagsbasar og velkommen til å støtte arbeidet til NMS.

 

Eli-Kristine Moltu


Se andre arrangementer

26 mar

Områdemøte for Otredal

Velkommen til områdemøte!
Les mer
30 mar

Områdestevne Trollheimen

Områdestevne for Trollheimen på Mjuklia! Kl.11. Nytt fra Thailand ved Marit Vikan Sævareid. Elever fra KVT deler fra Etiopia. Misjonsgave, servering, sang. Alle er velkommen!
Les mer
31 mar

Områdestemne på Valderøya

Velkomen til områdestemne på Valderøya søndag 31. mars! Dagen startar med gudsteneste i Valderøy kyrkje kl. 11:00
Les mer
31 mar

Misjonsmøte

Kristen forkynnelse via tekstilkunst
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp