Meny

Pilegrimsvandring i Heilag-Olavs fotefar

Påmelding
Last ned
Pilegrimsreise Valldal - Bjorli 8.-12. august 2018
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Heilag-Olavs fotefar

I sommar kan du bli med på pilegrimsvandring langs Valldalsleia, og på vegen skal vi utforske dei rike tradisjonane etter Heilag-Olav. Turen startar i Valldal sentrum og endar på Bjorli. Overnatting i lavvo, på sjølvbetjent turisthytte og på Bjorliheimen.

Valldalsleia tar oss gjennom skiftande landskap på ruta Olav tok då han flykta frå landet. Kanskje kan du prøve deg som mannskap i vikingskip på fjorden før turen startar?

Program

Onsdag 08.08
18:00: Oppmøte og middag på Cafe Lupinen Muritunet i Valldal
20:00 Utsendingsgudsteneste i Sylte kyrkje Vandring til Valldal camping (4 km) Overnatting i lavvo

Torsdag 09.08
Vandring oppover dalen til Grønningsseter (17 km) Transport tilbake til Valldal Camping

Fredag 10.08
Transport til Grønningsseter, og vandring Grønnings.-Tjønnebu-Vakkerstøylen (22 km) Overnatting i sjølvbetjent turisthytte.

Laurdag 11.08
Vakkerstøylen – Bjorli: Ca 25 km. Overnatting på Bjorliheimen.

Søndag 12.08
Avslutning av pilegrimsturen etter frukost.

Pilegrim_2018

Praktisk

Dette vert ei vandring tett på naturen, og utan bagasjetransport. Du treng gode klede og både sovepose og liggeunderlag, og vi må bere maten vår sjølv (pakkeliste kjem når det nærmar seg).

Dagsetappane vert mellom 17 og 25 km, og den eine dagen er det ei nokså bratt oppstiging på om lag 650 høgdemeter, til om lag 1000 m.o.h. Ein bør vere i normalt god form.

Vi kjem til å ha ein dagsrytme med tidebøner og stille perioder, men også tid til refleksjon over Guds misjon og misjonsinfo undervegs.

Tid
8. – 12. august

Påmelding innan 1. mai på

Pilegrimsvandring i heilag-Olavs fotefar 8.-12. august 2018


For anna info, kontakt oss på od539@kirken.no, eller på telefonnummera nedanfor.

Pris
2600,00 inkl. mat og overnatting.

Transport
Til Valldal går det buss frå Ålesund, med bytte på Sjøholt. Frå Bjorli går det både tog og buss anten til Åndalsnes eller Dombås.

Andre tilbod
(medfører tillegg i prisen)
Det vert høve til å få ein felles tur på fjorden med vikingskip før turen tek til onsdag 08.08. På Valldal camping er det høve til å overnatta i ”tretopptelt”. Meir info om desse tilboda kjem etter kvart, til dei som melder seg på.

Turen vert leia av Geir Sakseid (tlf. 91325568) Kristian Due (tlf. 48029124)

 


Se andre arrangementer

01 jan

Kva skjer i Romsdal våren 2019

Områdeutvalget i Romsdal har samla arrangementa i Romsdal i ei brosjyre som du kan laste ned HER. Forutan oversikt over arrangement, kan du og får oversikt over medlammane i områdeutvalet og namn på kyrkjelydane som har misjons avtale med NMS.
Les mer
06 jan

Hellige trekongers-fest

Misjonsaulaen, VID, Stavanger. kl. 19.00. Taler: Helge S. Gaard. Sang: Randaberg mannskor.
Les mer
06 jan

Hellig tre kongersfest i Molde

Velkommen til hellig tre kongersfest i Molde Domkirke, kirkestua søndag 6. januar kl. 17:00
Les mer
06 jan

Hellige trekongers-fest

Elim, Sandnes. kl. 19.00. Talere: Klaus Muff, Laila og Rivo Razakandriana. Sang: Mannskoret i Bekkefaret kirke.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp