Pensjonisttreff på Kjeldsund
16. mars hadde vi eit flott pensjonisttreff på Kjeldsund der Rolf Schanke Eikum hadde andakt, Gunnar Elvesæter var pianist og Olav Sæter leia det heile på ein flott måte.
6. april 2022
Det verka som maten smaka og praten rundt borda som også er viktig den «smakte» også godt etter at ein endelig kunne samlast igjen.
Neste Pensjonisttreff blir onsdag 6. april kl 12.30.
Då blir Jorunn og Matias Austrheim med og som vanleg blir det både andakt, song og musikk.
Sonja Kaldhol blir dagens vertinne, så her er det berre å glede seg og setje av dagen.
Pris kr. 210,- ved påmelding før 4. april, kr. 230,- etter.
Velkommen!
Mvh
Kjeldsund,- v/ Eli-Kristine