Pensjonisttreff på Kjeldsund
Onsdag 16. mars kl. 12.30 ynskjer vi velkomne til pensjonisttreff på Kjeldsund!
16. mars 2022
Treffet tek som vanlig til med middag, dessert og kaffi.
Tid til prat med kjende og ukjende er også viktig. Det har vore ei lang tid der vi alle har måtte
halde avstand, så no håpar vi at vi kan samlast som før.
Denne dagen vil Rolf Schanke Eikum ha andakt, mange kjenner nok han frå presteteneste rundt om i dei ulike kyrkjelydane.
Pianisten denne dagen er Gunnar Elvesæter og vertskap er Elsa og Olav Sæter.
Vi trur at desse ilag vil lage eit flott treff, så set av dagen allereie no og inviter gjerne med deg nokon.
Påmelding til tlf. 40 40 60 61
Pris: Påmelding før 13. mars kr. 210 – etter, kr. 230
Hjarteleg velkomne!