Gi en gave
Meny

Misjonsmesse på kulturhuset i Ørsta

Last ned
Laurdag 12. november kl. 11.30-15.30 ynskjer vi velkommen til  Ørsta kyrkjelyd si misjonsmesse på kulturhuset.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ørsta Sokneråd vedtok i år å fornye misjonsavtalen mtp å støtte arbeidet som Det Norske Misjonsselskap (NMS) driv  blant barn og unge i fattigområde i Thailand.

Program:

Kl. 12.00 og 14.00 vil Paul-Kristian Hovden gi informasjon , dette er viktig å få med seg. Dette vil forhåpentligvis gi inspirasjon til å vidareføre avtalen som Ørsta Sokneråd har inngått.

Kl. 14.00 blir det andakt av prestevikar Constanze Lindner ,- og musikkinnslag av Eirik Stave. Han har tidlegare gjort ein stor innsats med salg av sjølvlaga avis, der inntekta gjekk til misjonsprosjektet.

På messa blir det sjølvsagt sal av lodd, tombola og årar.

Når det gjeld å få kjøpe seg mat, er det litt av kvart å velge i… Nytt av året er vårrullar. Elles er det mulig å kjøpe seg smørbrød, enkel middag som betasuppe eller risengrynsgraut.

Kakeutvalet blir bra, så her er det berre å ta seg god tid og nyte eit godt måltid saman med kjente og ukjente, og samstundes støtte eit flott prosjekt.

Loddsalget er godt i gang, – frivillege har gjort ein flott innsats der med å selge lodd på Alti.

Frivillege har også gjort ein flott innsats med lefsebaking ,baka julekaker, laga dokkekle osv.

Vi set stor pris på gevinstar, desse kan leverast på  kyrkjekontoret.

Velkommen til å støtte Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt!


Se andre arrangementer

02 des

Møte i Mandal Misjonsforening

Nytt møte i Mandal Misjonsforening!
Les mer
02 des

Fredagskveld i Voie

Velkommen til fredagskveld i Voie kirke, Kristiansand
Les mer
03 des

Formiddagsbasar i Kristiansand

Velkommen til førjulsbasar!
Les mer
03 des

Lørdagsgrøt i Arendal

Siste lørdagsgrøt for i år i Arendal!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp