Gi en gave
Meny

Misjonsmesse i Ørsta

Last ned
Laurdag 9. november frå kl 11:00-16:00, ynskjer Ørsta Kyrkjelyd velkommen til Misjonsmesse på kulturhuset. Denne messa har etterkvart lang tradisjon og føremålet er som før; vere med å bidra til at  barn og unge i fattige område i Thailand kan få eit betre liv.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

For saman kan vi klare det. Ved å dele trua på Jesus, vere med å bekjempe urettferd og utrydde fattigdom.

På messa kan ein m.a. kjøpe nybaka lefser og julekaker.

Matbordet vil vere fylt opp av kaker, smørbrød, sveler, betasuppe og risengrynsgraut.

Loddbøkene har allereie vore i sving og i tillegg vil det vere åresal og tombola..

Er det nokon som har lyst å støtte med gevinstar, bake kake eller hjelpe til på anna vis, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret eller Eli-Kristine (tlf 90083473)

I år har vi  vore heldige og fått med både små og store til å bidra med program.

Like etter åpninga av messa, kl. 11:30, får vi sang av kora Manana og White spirit frå Volda og Ørsta Korskule leia av Marit Lid Skorstad.

Paul-Kristian Hovden har info frå misjonsprosjektet i Thailand.

Seinare på ettermiddagen, kl. 14:00, vert det storfamiliesamling. Der får vi sang av barnekoret Gnist frå måndagsklubben, leia av Reidun Moltubak og Kirsten Ragnhild Grimstad.

Soknepresten i Volda, Kristian Myklebust har andakta og sokneprest Arne Moltubak har info frå misjonsprosjektet.

Velkommen til å støtte Ørsta Kyrkjelyd sitt Misjonsprosjekt

Arr.: Ørsta Sokneråd, v/ Eli -Kristine Moltu


Se andre arrangementer

01 des

AVLYST! Adventsmøte

kl. 19.00. Hauge bedehus. Taler: Alf Henning Liknes.
Les mer
04 des

Adventsfest på Alværa (AVLYST)

Velkommen til middag, kaffi og kaker. Åresalg, kveldstankar og tid til prat. Ikkje salsmesse lørdagen.
Les mer
05 des

Avlyst: Julesalg Innherred og Misjon i advent

Julesalget på misjonshuset Verdal er avlyst dette året, og MISJON I ADVENT i Sakshaug kirke lørdag 5. desember er også dessverre avlyst. Biskop em. Tor Singsås taler: «Jesus er verdens lys» Proklamering v/ Ragnhild Aaring. Misjonsglimt v/ Ingeborg Meslo Ulvin. Sang av Andrea og Mari fra Høgaunet i Frol Musikk. Allsang. Noe for barn. Misjonsgave. Trekking av Innherredslotteriet. Velkommen til ei trivelig stund i advent! Arr. NMS Innherred område og julesalgskomiteen
Les mer
05 des

Lørdagsgrøt i Arendal

Siste lørdagsgrøt før jul!
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp