Misjonsmessa i Ørsta avlyst……..
Laurdag 07.11.2020 skulle det vere Misjonsmesse, arrangert av NMS og Ørsta kyrkjelege felleråd. Den populære messa som har vore kvart år sidan 1992 skulle ha strenge reglar som ville ta vare på godt smittevern etter samråd med kommunelegen. Godt planlagt av nemda med Eli-Kristine Moltu i spissen og sokneprest Arne Moltubak.
Men så kom dei nye innstrammingane frå regjeringa og då må ein likevel avlyse.
Pengane opptjent på denne messa har gått til Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt som er å oppretthalde ein barnehage i slummen i Bangkok, Thailand. I tillegg driv dei ein fritidsklubb for litt eldre born der, og utdanningsstipend for unge studentar nordaust i Thailand. Altså er dette av svært viktige pengar til utsatte grupper fanga i fattigdom. Og forskning viser at opplæring og skule kan gi desse sårt trengande ein veg ut av fattigdommen.
Loddsal med flotte gevinstar og ikkje minst dei populære lefsene kjem nok ikkje vekk, og komiteen vil kome attende med korleis folk skal erverve seg noko av det.
Bilete: Herlige lefser baka til Misjonsmessa, og skal nok snart få vite korleis desse vert å få tak i, når messa no er avlyst.