Misjonskveld i Volda
Volda kyrkjelyd har misjonsprosjekt i Estland gjennom Det norske misjonsselskap, og i samband med Saman som kyrkje i heile verda-aksjonen, arrangerer soknerådet ein kveld på Uppheim der vi får høyre meir om arbeidet i Estland.
Asbjørg Oksavik Sve, som er diakon i Skodje og Ørskog, har vore med på å arrangere sommarleirar for barn i Estland i 11 år. Ho har vorte godt kjent med misjonærane i Tallin og Saku, og vitja kyrkjelydane der så godt som årleg. Ho kjem til Volda denne kvelden for å fortelje meir om arbeidet i Estland. Ho skriv:
Kyrkjelyden har misjonsavtale med Det norske misjonsselskap for å støtte misjonsarbeid i Estland. Dette landet er det mest sekulære landet i Europa. Kommunismen hadde fotfeste i landet i om lag 50 år, det er meir enn to generasjonar utan religionsfridom, og det har kosta dyrt for kristendomskunnskapen i folket. Fyrst i 1991-92 kunne folk gå på gudstenester utan at det medførte straff eller tap av privilegiar som betre husvære, bil, utdanning for borna o.a.
Etter at krigen i Ukraina antok Estland at dei kunne ta imot 10 000 flyktningar frå Ukraina. For ei tid sidan var talet kome opp i 40 000. Både folket og kyrkjene i Estland har opna dørene sine for flyktningane. Mange kyrkjer har tilettelagt no med hyblar, og utdeling av mat og klede har lenge vore eit diakonalt arbeid i kyrkjelydane der. Slik vi har mange polske handverkarar i Noreg, har Estland hatt mange handverkarar frå Ukraina. For både deira familier og andre var det naturleg å flykte til Estland når krigen starta.
Programmet på Uppheim tek til kl 1930. Vi lyttar til Oksavik Sve sin presentasjon, og i tillegg vil Irene Åbrekk Kalvatn synge for oss. Gaute Øvereng spelar piano. Vi syng også nokre songar i lag, og det vert høve til å gi ei gåve til Saman som kyrkje i heile verda-aksjonen, der vi i Volda deler det som kjem inn mellom misjonsprosjekta våre i Estland og Madagaskar.
Vel møtt til ein kveld med misjon i fokus!