Misjonsgudsteneste i Leikanger kyrkje "Saman som kyrkje i heile verda"
Her vil du få meir informasjon om Madagaskar ved mellom anna Jan Ove Kleppe som har besøkt landet fleire gonger. Kom gjerne frå heile Herøy for å oppdatere deg på det siste nye frå Madagaskar, og no kan vi endeleg vere fleire i kyrkjene igjen, men no med 1 meter med song.
Alle dei tre sokna i Herøy støttar eit prosjekt på Madagaskar, i regi av NMS (Det Norske Misjonsselskap). Vi ser at vi må trappe opp innsatsen for folket på Madagaskar igjen.
I denne tida blir mange prosjekt i den gassiske kyrkja sett på vent, og pengar omprioritert til hjelpetiltak, no når dei har fått ekstra store omsorgsoppgåver i møte med koronakrisa.
I denne situasjonen har Møre biskop og bispedømeråd utfordra kyrkjelydane i Møre bispedømme til misjonssolidaritet!
Initiativet til denne aksjonen kjem frå ulike bispedøme i Noreg, i samarbeid med dei sju organisasjonane som er med i SMM – Samarbeid menighet og misjon. Les eventuelt om dette ved å gå inn på www.kyrkja.no/SMM. Vi har også opprette ein «spleis» som du kan finne ved å gå inn på våre facebooksider. Det er berre å søke opp kyrkja di, Leikanger, Indre Herøy eller Herøy kyrkje, så finn du informasjon om denne spesielle solidaritetsaksjonen for vår systerkyrkje, FLM, på Madagaskar som er i akutt behov for hjelp.
Søndag 13.juni har vi misjonsgudsteneste i to av våre kyrkjer samtidig.
I Leikanger kyrkje vil du få meir informasjon om Madagaskar ved mellom anna områdeutvalgsleiar i NMS Sunnmøre, Jan Ove Kleppe som har besøkt landet fleire gonger. Liturg er vikarierande sokneprest Solfrid Leinebø Seljås og medliturg er diakon Ragnhild Danbolt Øygard. Fleire medvirker, og denne gudstenesta kan du fylgje med på direkte ved å gå inn på facebook: Leikanger kyrkje frå kl 11. Om du ikkje får sett gudstenesta på DIREKTESTREAMING, så vert den liggande ute ei tid.
Samtidig kan du vere med på misjonsgudsteneste i Herøy kyrkje. Der vil misjonær Johanne Leinebø informere om det nyaste frå misjonsprosjektet. Liturg der er vikarierande sokneprest Kjell-Roger Isene. Kom gjerne frå heile Herøy for å oppdatere deg på det siste nye frå Madagaskar, og no kan vi endeleg vere fleire i kyrkjene igjen, men no med 1 meter ved song.
Alle 3 sokneråda i Herøy har sagt ja til å vere med på aksjonen til støtte for vår systerkyrkje. Vi vonar at mange i Herøy vil vere med å støtte prosjektet i misjonssolidaritet.