Mannsweekend på Phillipshaugen Lodge 4.-5. mars

Sigurd Haugen
Prest på Averøya og medlem i områdeutvalget for NMS, Sigurd Haugen vil i år ha bibeltimar for oss med utgangspunkt i ordet sanning i Johannesevangeliet.

Peter Odd Bjørkhaug
Når vi samlast om misjonstime pleier vi ofte å tenkje på Afrika eller Asia. I år skal vi ha misjonstime om Estland. Peter Odd Bjørkhaug bur i Brattvåg, no i Ålesund kommune. Han er bl.a. er med i regionstyret, og vil ta oss med på ei reise der vi får glimt frå misjonsarbeidet i Estland.

Ola Bræin
Ola Bræin vil fortelje og spele folkemelodiar på munnspel. Han lovar vakre tonar og muntre histoier frå sitt spelmannsliv. Han har bl.a. vore på turne i USA. I tillegg til å spele vil han også fortelje om nokre av dei folkemelodiane som far hans samla inn på reiser på Nordmøre.
Praktiske opplysningar:
Pris: kr. 1700,- for overnatting i dobbeltrom med oppreidd seng. Tillegg for einerom: kr. 300,- (Det er ikkje høve til å bruke sovepose)
Påmelding innan måndag 28. febr. (helst før) til: Arne Drøpping, tlf/ sms 997 15 937, eller e-post: arne.dropping@gmail.com
Pass på å seie frå om du ønskjer einerom. (Sei eller skriv gjerne også om kor viktig det er å ha einerom, eller om det kan avpassast etter kor mange som kjem)
Det er god avstand mellom sengene på romma.
Vert for samlinga: Arne Drøpping
Program fredag:
18.30 Kveldsmat.
19.30 «Hellige oss i sannheten …»
«Hva er sannhet?» Joh 18,38 v/ Sigurd Haugen
Møteleiar Ole Syltebø
Kveldsprat
22.30 Kveldsbøn v/ Petter Dahle
Program laurdag:
08.00 Morgonbøn v/Bjørn Hovde
08.30 Frokost
09.15 «… ditt ord er sannhet.»
«Jeg er veien, sannheten og livet.» Joh 14,6
Møteleiar Ole Syltebø
11.00 Innlegg og munnspel v/ Ola Bræin. Han fortel b.a om folkemelodiar som far hans samla inn.
Møteleiar: Arne Drøpping
12.30 Lunsj og frisk luft /trim.
14.30 Misjon i Estland v/ Peter Odd Bjørkhaug. Kollekt til misjonsarbeidet. Møteleiar: Øyvind Beite.
16.00 Middag, avslutning. Heimreise.
Arrangør: Det Norske Misjonsselskap