Kyrkje- og misjonsdag på Alværa
Laurdag 15. januar kl. 10-16
«Etter korona – Norge i verda» er ei aktuell overskrift denne dagen. NMS har eit globalt perspektiv, og vi reknar med å få viktige innspel frå ein av misjonærane som no er i Norge.
15. januar 2022
Vi vil også samtale om desse emna: Tilbake til gudstenestefellesskapet. Kva for andre samlingar/fellesskap har vi? Verdien av småfellesskap. Kva har vore positivt i koronatida? Klimautfordringane.
Kyrkje- og misjonsdagen kan sjåast som ein verkstad der ein deler idear og erfaringar. Du er velkommen til å komme med synspunkt eller berre lytte og ta imot. Gjennom dagen vil vi syngje songar frå ulike delar av verda.
Temaopplegget blir avslutta med gudsteneste.
Om ettermiddagen kan ein delta på årsmøte for NMS, Ytre Sogn område.
På grunn av middagen er det påmelding til Alværa, tlf. 48990661. Alle er hjarteleg velkomne!