Julemesse på Kjeldsund
Vi gler oss over at flittige hender har bakt lefser også i år sjølv om det ikkje blei dei mengdene som har vore vanleg.
Andre har laga handarbeid og gitt gevinstar slik at julemessa skal kunne avviklast mest mogleg som i «normale» tider.
NB! I år blir det dessverre ikkje servering, tombola eller åresal!
I hovudhuset blir det sal av: Lefser. kransekake, syltetøy, knekkebrød og handarbeid
Loddsal foregår på bok
Vi oppmodar folk til å følge reglane som gjeld med tanke på både avstand til andre, god handhygiene og at alle som kjem er friske.
Dersom noken har gevinstar eller gjenstandar som kan selgast, tek vi imot med stor takk. Fint om det kan leverast på Kjeldsund før fredag 13.
Har du lyst å hjelpe til, set vi også pris på det.
har du lyst til å gje ei gåve til Kjeldsund, kan det gjerast via VIPPS til #520980
Velkommen til å støtte leirstaden vår Kjeldsund!!
Beste helsing oss på Kjeldsund