INSPIRASJONSMØTE FOR SUNNHORDLAND PÅ LEIRVIK BEDEHUS 16. MARS KL 11.00
Me vil i år igjen innby til stormøte på Leirvik bedehus. Det er gildt å møtast og å vera saman om Guds ord og misjonstenesta. Difor vonar me at de set noko inn på koma og slik vera saman med oss.
Talar i år vert rådgjevar og misjonskonsulent Åslaug Ihle Thingnæs. Song av Karsten Nesse.
16. mars
PROGRAM
Kl. 11.00: Velkomsthelsing
v/Edel Sørvik
Bibeltime
v/ Åslaug Ihle Thingnæs
Kl. 12.15: Matøkt
Kl. 13.00: Misjonstime
v/ Åslaug Ihle Thingnæs
Kl. 14.00: Heimreise.
MISJONSOFFER
Sundag 17.03. kl. 11.00: Gudsteneste i Stord kyrkje. Liturg og predikant Olav Oma. Helsing og informasjon v/Åslaug Ihle Thingnæs.
HJARTELEG VELKOMNE!
Det vert servert betasuppe og kaffi med kaker. Pris kr 150,-
Me vil be om at møtet vert gjort godt kjent i di bygd. Be gjerne nokon med deg!
Sunnhordland område av NMS