Estlandskveld i Brattvåg
Velkommen til Estlandskveld fredag 18. oktober i Brattvåg kyrkje kl. 19:00
18. oktober

Erling Rimehaug
I januar 1991 kom Erling Rimehaug til Estland for å undervise i journalistikk. Det var samtidig med at det vart bygt barrikadar mot sovjetiske tanks i gatene i Tallinn.
Han var i Tallinn då det sovjetiske flagget vart firt og det estiske heist på Toompea-tårnet seinare same året. Sidan har han halde nær kontakt med Estland. Rimehaug, som er historikar av fag, vil fortelje både om Estlands turbulente historie og om sine personlege opplevingar i landet.
Program:
Kåseri om Estlands historie av Erling Rimehaug
Glimt frå tur til Estland av Hege Steinsland
Allsong
Kollekt til misjonsprosjekt i Estland
Enkel kveldsmat
Alle velkomne!
Arr.: Brattvåg sokneråd