Gi en gave
Meny

Engasjement for Estland

Foto: Endel Apsalon / ESTLAND: Menighetene i Saku og Mustamäe i Estland har fått nye kirkebygg. Her fra inngangen i Mustmäe–kirken i 2019 med prest Tiina Klement i spissen. Last ned
Maria Magdalena kyrkje i Tallinn i Estland har ei kort kyrkjehistorie. Det starta med at fem vaksne og eit barn møttest kvar veke for å be til Gud om å få bygd ei kyrkje i Mustamae, ein bydel som vaks fram under Sovjettida med 65 000 innbyggarar utan kyrkje. Då gruppa i 2010 talde ti medlemmar, registrerte dei seg som ei evangelisk luthersk kyrkje med Tiina Klement som prest.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Estiske Tiina reiste til Noreg etter vidaregåande, gjekk på folkehøgskule, studerte på universitetet i Oslo og utdanna seg deretter til prest før ho returnerte til heimlandet. Før 2.verdskrigen høyrde 97% av estlendarane til den evangelisk lutherske kyrkja (EELK) Etter hardhendt kommunistisk propaganda i 50 år har Estland blitt eitt av dei mest sekulariserte landa i Europa. Tiina ville vere prest for sitt eige folk, og NMS støttar lønna hennar.

Då forsamlinga etter kvart fekk fleire medlemmar, leigde dei rom i ein kjellar.  Frå første stund la dei vekt på å hjelpe dei mest trengande gjennom sosiale tiltak fordi det er stor fattigdom og rusmisbruk i bydelen, td. matpakkeaksjon saman med sosialkontoret. Eit anna fokus er familiar der barn og unge får vere med på ulike aktivitetar, alt frå kor til fotball, og sjølvsagt feirar dei gudsteneste kvar søndag.

Ein dag kom klarsignalet frå Parlamentet. Forsamlinga skulle få ei gratis tomt og støtte til første byggetrinn, dersom dei kunne skaffe ein startkapital tilsvarande 5 mill. norske kroner. Då fann Tiina ut at viss 500 personar skaffa 10 000 kr. kvar, så hadde dei startkapitalen.

Utfordringa kom til meg via Facebook våren 2017. Denne eventyrlege kyrkjebygginga ville eg støtte, fordi eg syntest det var eit framifrå døme på tru og mot for ei lita forsamling utan pengar. Men dette eventyret måtte fleire få del i, derfor begynte eg å samle folk, fortelje om kyrkjebygginga og selje ting, td. middagar, planter, bruktkle og markens grøde. Det var sosialt og kjekt, og lett å samle inn pengar, så derfor held eg fram med dette. Esterklubben, som også høyrer til NMS, blei til for å støtte innsamlinga, og sidan 2017 har vi totalt samla inn 360 000 kr, takka vere at bygdefolket trufast har kjøpt lodd eller handla eitt og anna.  Alt vi får inn, går uavkorta til kyrkjebygginga, og Tiina melder tilbake når pengane har kome fram.

Forsamlinga som talde 110 medlemmar i 2020, har flytta ut frå kjellaren og  fått ta i bruk nokre rom i den nye kyrkja, men elles er mykje uferdig, derfor treng dei framleis vår støtte.

Den 29.okt kan du støtte innsamlingsarbeidet ved å melde deg på Estlandskveld i Sykkylven kyrkje. Skriv ei melding til Åse Vestre (94376777). Sjå program på plakatar rundt omkring, eller på FB.

NB! Vi ynskjer å få inn barnekle som er reine, heile og pent brukte, i alle str. for å selje på Estlandskvelden. Har du noko liggande, så lever det til kyrkja, seinast 25. okt. i opningstida (10-14)

PLAKAT/INVITASJON


Se andre arrangementer

07 okt

Misjonsmøte i Mandal

Velkommen til misjonsmøte i Mandal Kirkesenter fredag 7.10 kl. 19.
Les mer
07 okt

Fredagskveld i Voie

Voie misjonsforening inviterer til fredagskveld
Les mer
09 okt

Søndagssamling, Stavanger

kl. 19.00. Kampen kirke, Seehusensgate 47. Tale: Magnar Kartveit.
Les mer
13 okt

Mannskveld på Stenbekk

Torsdag 13. oktober ønsker vi mannfolk i alle aldere velkommen til mannskveld på Stenbekk misjonssenter.
Les mer
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp